– Det er viktig for meg å ha fokus på medlemmane, og ha litt tettare kontakt opp mot lokallaga, og inkludere dei i fleire av prosessane, seier Nygård.
Gunhild Berge Stang held fram som gruppeleiar i fylkestinget og ordførar i Fjaler.
– No som vi går inn i ein regionreform, ønsker eg å prioritere dei to andre verva, seier ho.
Første nestleiar er Daniel Gangeskar, andre nestleiar er Trude Risnes. Astrid Hoffart, Gunnar Osland, Kariann Myklebust Fagerli og Alfred Bjørlo er styremedlemmer.
Vil gjere oss til hydrogenfylket
Dei vil jobbe for å gjere Sogn og Fjordane til hydrogenfylket.
– Vi har gode miljø på hydrogen i Flora og Høyanger, seier avtroppande fylkesleiar Gunhild Berge Stang.
Nokre av planane i desse miljøa er mellom anna å nytte overskotskraft frå industrien til å produsere hydrogen, bygge ein hydrogenbåt i samarbeid med Br. Aa i Hyen, og etablere ein infrastruktur for hydrogenfyllestasjonar.
– Dette gir lokal næringsutvikling samstundes som vi jobbar for det grøne skiftet, seier Berge Stang.
– Vi veit allereie no at det vil komme hydrogenfabrikkar i Sogn og Fjordane. Vi har næringane og vi har den fornybare krafta. Til dømes har vi kystfarten som har dei største utsleppa og dermed også moglegheit for dei største reduksjonane, seier den nyvalde leiaren.
– Vi har vedteke ei fråsegn som er eit signal til regjeringa om at vi ønsker utjamning av nettleiga, seier Berge Stang.
Dei vil løfte fram biblioteka som kulturelle møtestadar, og ber om at det skjer ei justering av fergeavløysingsmiddelordninga, slik at bruene til Atløy og Ytre Steinsund kan realiserast.
I ei fråsegn set dei også søkelys på det dei kallar retten til å ta arbeidsplassen heim. Det må bli bygd ut breiband og fiber, og bli lagt til rette for å spreie statlege arbeidsplassar ved hjelp av heimekontor.