Fredag og laurdag denne veka skulle Jan Eggum stått på scena på Vesle Kinn. Slik blir det ikkje. Torsdag kveld kjem beskjeden om at trubaduren frå Bergen har blitt sjuk og må avlyse begge konsertane.

– Det var ikkje den beskjeden eg ønska meg, sukker ein tydeleg skuffa Eirik Villand på telefonen.

Neste år?

At han er skuffa er ikkje vanskeleg å forstå. Dette er fjerde gang Eggum må utsette eller avlyse konsertar på Vesle Kinn i Florø. På vegner av artisten er managementet hans lei seg for at dei må kansellere, men sjukdom er vanskeleg å gardere seg mot.

– Å få gjennomført konsertane med Jan Eggum i Florø har ikkje vore lett. Først sette pandemien stopp to gonger, så ei hjarteoperasjon, og no truleg influensa, skriv dei i ei melding til Vesle Kinn og dei som har kjøpt billett.

– Det er spesielt uheldig at de som publikum får avlyst konsert. Vi tenker det difor er best at vi refunderer alle selde billettar, og kjem tilbake på eit seinare tidspunkt med datoar for nye konsertar. Dette blir truleg ein gong neste år, avsluttar dei.

– I og med at avlysinga kjem så tett på konsertane denne gong tenker vi at det beste er at vi berre refunderer billettane denne gongen, så får vi heller sjå om vi kan prøve igjen på vårparten, seier Villand.

Nokre dagar

Dei som har kjøpt billettar til Eggum-konsertane vil få beskjed på e-post, men Villand seier at det er enkelte som har selt billettane vidare til andre. Det har ikkje Vesle Kinn oversikt over, dei som har kjøpt billettar av andre vil difor ikkje få beskjed. Villand ber difor dei som har selt billettar vidare om å informere kjøparane.

– Alle billettar blir refundert til billettkjøpar. Dette vil derimot ta nokre dagar, avsluttar Villand.

Allereie neste helg er det dog mogleg å få med seg Odd Erik Lothe og Mighty Magnolias på Vesle Kinn.