Jakta på tiårets Tempo-lag held fram. Her er vekas utgåve av Tempopodden

Tempopodden

Tempopodden

DEL

Etter ei dramatisk veke med interne intrigar og høglydt kjekling (over internett), er det blitt røykt fredspipe og harmonien har returnert til Tempopodden.

Tiårets lag vel seg ikkje sjølv, og denne gangen er det forsvarsfiraren som står for tur. Er du over gjennomsnittleg interessert i å høyre oppramsing av namn, er dette episoden for deg! Den prominente lista over aktuelle kandidatar, inneheld mellom anna kongen av Sjøboden, Bulmer-poeten, Dingsen og Sigøynarkongen.

I tillegg til dette, blir det sendt eit par stikk i retning Florø fotball sine siste krumspring på sosiale medium den siste tida, tilbakemeldingar på innsatsen til gjestene førre veke, og Benjamin tar seg ein tur opp på såpeboksen for å dele ut ris i «Korona vs. fotball» -debatten.

Du finn podkasten på Spotify og andre podcasttenester ved eit søk på Firdaposten. Der finn du og eldre episodar, både av Tempopodden, og podkastane til Firdaposten. Eller du kan høyre den akkurat her:

Artikkeltags