Florø er ein burgar-by, og i podkasten til Firdaposten har dei teke mål av seg til å kåre byens beste burgar. I førre episode lét panelet seg imponere over burgaren til Mix Go-Biten. I panelet denne gongen sit Maren Avsnes Klakegg, Fredrik Helland og Arne Hjorth Johansen. I dag smakar dei på burgarane til Cafe Aroma og Cockpiten Cafe på flyplassen.

Elles er det som vanleg snakk om det som folk er oppteke av for tida. Halloween, dei høge bukostnadane i Flora kommune, Odd Arve som debuterte i ein alder av 52, og Black Friday. Berre for å nemne noko.

I podkasten denne veka får du også vite kvifor snuplassen på Sørstrand har fått namnet «Fredrik Hellands Plass». Det er ei historie vi har fått tilsendt frå lyttarane våre, og dei to som står bak kan vente seg premie for bidraget. I tillegg til at dei no er strøket vekk frå Fredrik Helland si liste over kven som skal få julekort i år.

Slike innspel vil vi gjerne ha meir av. Kva burgar bør vi teste neste veke? Har du tips til tema, noko du lurer på, eller berre har lyst til å seie hei. Ta kontakt. Legg igjen ein kommentar, eller send ei e-post til [email protected]

Podcasten høyrer du her, eller du finn den på Spotify om du berre søker på Firdaposten.