No vil Fredrik "omskolere" hjortejegerane

Til vanleg finn du Fredrik jørgensen på Våpenloftet i førde, sjølve "katedralen" for jakt og skytesport-interesserte sunnfjordingar. Men Jørgensen ivrar også for at norske jegerar bør jakte meir rovvilt, og no kjem ekspertar på området på besøk til Grovastøylen førstkomande tysdag for å dele kunnskapen sin.

Til vanleg finn du Fredrik jørgensen på Våpenloftet i førde, sjølve "katedralen" for jakt og skytesport-interesserte sunnfjordingar. Men Jørgensen ivrar også for at norske jegerar bør jakte meir rovvilt, og no kjem ekspertar på området på besøk til Grovastøylen førstkomande tysdag for å dele kunnskapen sin. Foto:

Av

Ein hjortebukk på 80 meters hald er krevjande nok. Men kva med ein bjørn på ti meter - som attpåtil kjem rett mot deg?

DEL

Vi gir deg alt om korleis valet påverkar deg - BERRE 5 kr for 5 veker

Tysdag 20. juni kan bli ein festkveld for dei fleste jakt- og skyteinteresserte i vårt område. Då får Grovastøylen skytesenter storfint besøk frå både inn- og utland, og det er Fredrik Jørgensen og kollega Kristian Myrmel på Våpenloftet i Førde som står bak opplegget "Våpenloftets skytedag".

- Dette er ein open dag med skyting, utstyrsprøving og spennande foredrag. Vi har vore heldige og fått tak i Nordens kanskje mest profilerte rovviltjeger, svenske Rasmus Boström. Han kjem til Grovastøylen for å snakke om korleis han blei rovviltjeger, og kva som krevst av deg som jeger for å lukkast med dette. I tillegg blir det sjølvsagt triveleg sosialt samvere jegerar og skyttarar imellom, seier Jørgensen.

Vi bør jakte meir rovvilt

Jørgensen ivrar sjølv for rovviltjakt, og peikar på at altfor mange norske jegerar kun jaktar matvilt - men let vere å jakte til dømes raudrev. Slik oppstår ein ubalanse i natursamspelet, som igjen går utover det matviltet jegerane er interesserte i.

No håpar vi sunnfjordjegerane kjenner si besøkstid, og kjem på Grovastøylen på tysdag.

Fredrik Jørgensen

- Eit av opplegga vi tilbyr denne tysdagen, er skyting av bjørneprøva. Det er ei ganske annleis skyting enn den dei fleste av oss praktiserer på tradisjonell storvilttrening, gjerne liggande og med blinkar på hundre meter. Her er det bjørnefigur vi brukar. Halda er korte og skota må gå raskt - slik situasjonane gjerne blir i verkelegheita for ein som jaktar på store rovdyr, seier skyttaren og jegeren.

Og sjølv om dei færraste av oss nokon gong hamnar på bjørnejakt og ser bamsefar i kvitauget, så har denne forma for skytetrening mykje føre seg også for ein tradisjonell drivjakt-jeger i hjorteskogane.

Besøk frå Tyskland

Det er Sunnfjords einaste våpen og jaktforretning som står bak skytedagen, og når Våpenloftet ber om hjelp, så får dei sjeldan nei. Det betyr at 20. juni garantert blir spennande for dei som er intereressert i nyheiter innan jaktutstyr.

- Vi får besøk av storaktøren Norma, og alle som kjem innom vil få sjå og prøve nyheiter frå til dømes Zeiss og lyddemparprodusenten A-Tec. Vi får også tysk besøk til skytedagen, frå fabrikkane til både Mauser og Blaser, så her blir mykje spennande for dei som er interesserte, seier Jørgensen.

Skytedagen tysdag opnar klokka 14, og du kan melde deg på ved å kontakte Våpenloftet.

- Vi er i den lysaste årstida, så vi kjem til å halde det gåande utover heile ettermiddagen og kvelden. No kryssar vi fingrane for at sunnfjordske jegerar og skyttarar tek i mot tilbodet og stiller opp, seier Jørgensen.

Artikkeltags