Vi må bruke eliminasjonsmetoden for sikkert å kunne slå fast kva denne kommunikasjonsmasta skal brukast til.
Direktoratet for nødkommunikasjon i Oslo vil verken stadfeste eller avkrefte at det er dei som skal bruke denne for å sikre kommunikasjon for naudetat-tenester som ambulanse, brann og politi. Dei stadfestar likevel at dei stadene dei har slike master, så er dei interesserte i å leige ut plass til teleselskap.
Vi tok kontakt med Netcom for å sjekke om dei har planar for å betre dekninga si.
- Vi har ikkje planar om utstyr i denne masta. Vi har ei mast på Fjøsholmen 4 km lenger ut i Bremangerpollen, samt ein stasjon oppe på Steinfjellet. Begge desse stasjonane har allereie GSM og 3G, men NetCom bygger no landsdekkande 4G, som vil komme på sikt, fortel kommunikasjonssjef Ellen C. Scheen i Netcom.

Telenor

Vi tok også kontakt med Telenor si kommunikasjonsavdeling.
Der får vi stadfesta at Telenor ikkje har konkrete planar om nye basestasjonar for mobiltelefoni i dette området.
Det er særleg bubuarane langs Dalevatnet på Fv 616 mot Oldeide som har svært ustabile og svake signal for mobiltelefoni. Dei er også utsette for mykje utfall på straumlinjene grunna nærleiken til Steinfjell-sendaren og mykje lynnedslag. Også i indre delar av Førs er det i følgje Telenor sitt eige dekningskart dårlege mobilsignal.

Møte med ordføraren

Ordførar Karl Vidar Førde hadde denne veka telefonmøte med Telenor.
– Når fiberutbygginga på Hauge er ferdig, ligg det til rette for 4G-utbygging i Bremanger. Eg har teke opp utfordringane med dårleg dekning i delar av kommunen mange gonger, også for området langs Dalevatnet. No på kort sikt ser det ut til at vi får på plass mobildekning i Skatestraumtunnelen. Også i Bortnetunnelen og Sørdalen og Bortnen er vi no lovde å få mobildekning. Vi har også vedteke å få på plass utbygging av fiberbreiband på Sande i Svelgen, fortel han.