Bur du på ein kvit flekk på breibandskartet?

Jobb med breiband. Her ser vi Thomas Solheim og kollega i Fokus Infranett i jobb med breibandskablar.

Jobb med breiband. Her ser vi Thomas Solheim og kollega i Fokus Infranett i jobb med breibandskablar. Foto:

Artikkelen er over 4 år gammel

Då er tida komen for å engasjere seg og spele inn dine meiningar.

DEL

Regjeringa har gitt Nasjonale kommunikasjonsmyndigheter (Nkom) i oppgåve å administrere tilskots- ordninga for breibandsutbygging. Kommunar og fylkeskommunar kan søkje Nkom om stønad. Eit av krava for ein slik søknad er at planen for utbygginga skal ligge ute til høyring i fire veker (ein månad).

- Tida er inne for komme med innspel! understrekar Einar Årdalsbakk i Flora kommune.

Kommunen ønskjer innspel og informasjon om eventuelle lokale forhold som bør vektleggast. Gode innspel gjer at det blir enklare for kommunen å lage ein god søknad om tilskot til breiband.

- Det er stor konkurranse om dei offentlege tilskota, difor vil områder der innbyggjarane viser særskilt engasjement, stille sterkare. Difor oppmodar kommunen innbyggarar / næringsliv / lag og organisasjonar m.m. til å kome med innspel og argument. Det kan vere å dokumentere område utan dekning, samle underskriftslister med forplikting på kjøp når tilbodet og kartlegge om innbyggjarane seier seg villig til å betale eit etableringsgebyr (f.eks. 10.000,- per abonnement). Det kan også leggast inn dugnadsinnsats og utnytte eksisterande stolpar eller grøfter.

Alle som ønskjer å gje høyringsuttale (bedrifter, enkeltpersonar, lag og foreiningar etc.) vert invitert til å gjere dette innan 20. april 2015.

Sjå Flora kommune

Artikkeltags