Fredag føremiddag mottok miljøminister Tine Sundtoft eit internasjonalt opprop frå 32 organisasjonar.

Med på overrekkinga var også Greenpeace og Natur og Ungdom.

– Vi møter berre vanntru når vi snakkar om planane med folk utanfor Norges grenser, uttaler Martin Norman, Fagrådgjevar i Greenpeace. – Det er ingen som kan fatte at Norge kan finne på å true landets viktigaste merkevare, de reine norske fjordane.

– Å dumpe avfallet i fjordane er ein håplaust gammaldags måte å kvitte seg med avfall på som berre fem land i verda tillèt i dag. Her er Norge ikkje berre i verstingklassen, vi er faktisk de aller verste, uttaler Arnstein Vestre, Leder i Natur og Ungdom.

Han representerer nettverket Young Friends of the Earth, som består av 30 ungdomsorganisasjonar i Europa.

Store internasjonale nettverk

Saman med Greenpeace og dei andre organisasjonane som har signert brevet krev dei at den norske regjeringa seier nei til planane om dumping av gruveavfall i Førdefjorden og alle andre norske fjordar.

– Dei er sterkt uroa over konsekvensane dumping av 300 millionar tonn gruveavfall vil ha for det marine livet i Førdefjorden og næringane som avheng av fjorden, skriv Naturvernforbundet i ei pressemelding. 

– Problem å forstå

– Vi har problem med å forstå kvifor Norge, vanlegvis kjent for gode miljøstandardar, ønsker å vere eit av berre fem land i verda som framleis dumpar gruveavfall i sjøen, uttaler Adrian Bebb i Friends of the Earth Europe.

 Fleire millionar medlemmer

Det er Friends of the Earth som har teke initiativet til oppropet som har samla organisasjonar med fleire millionar medlemmar i ryggen.

Dei representerer det som er ein stigande internasjonal uro over Noregs planar.

Før jul vart saka omtala i store britiske aviser som The Guardian og The Telegraph, og den har vore omtala på fleire internasjonale nettsider og radiostasjonar.

Også fritidsfiskarar

Blant underskrivarane er det ikkje berre miljøorganisasjonar. European Anglers Association representerer tre millionar fritidsfiskarar i 17 europeiske land. Dei er uroa for den Atlantiske villaksen, som Norge har eit spesielt internasjonalt ansvar for å ta vare på, skriv fagrådgjevar i Naturvernforbundet, Jorunn Vallestad.