På Twitter melder Vest politidistrikt at det fekk telefon frå ein fortvila huseigar på Midtun i Bergen. Vedkommande høyrde ulydar i ei bod i huset. Ordensmakta representert ved politi og brannvesen tok oppdraget med å finne ut om det kunne vere ei ugle eller flaggermus som romsterte og lagde uhygge i huset.

Det viste seg å vere ei rotte som romsterte. Politiet har sendt saka vidare til skadedyrfirma.