Regjeringa innfører plikt til å sikre betre samarbeid rundt barn i kommunane, og opprettar stillinga «barnekoordinator». Men det er ikkje sikkert alle har råd.

– Kommunane gjer det dei kan innanfor rammene sine. Men også på dette feltet er det ein viss diskrepans mellom forventningane til brukarane og dei økonomiske rammevilkåra hos kommunane, seier områdedirektør Helge Eide i Kommunesektorens organisasjon (KS) til Aftenposten.

Måndag innfører regjeringa krav om barnekoordinator i norske kommunar, ei ordning KS var imot i høyringssvaret sitt.

Barnekoordinatoren har som jobb å gjere det lettare for familiar som ventar eller har barn med alvorleg sjukdom, skade eller nedsett funksjonsevne. Formålet er å unngå ansvarspulverisering, og sørgje for betre samarbeid mellom skule og barnehagar, barnevernet, Nav og helse- og sosialtenester.

– Vi har 356 store og små kommunar i landet. Det seier seg sjølv at langt frå alle vil ha råd til å opprette ei ny stilling som barnekoordinator når dei 100 nye millionane skal fordelast på alle kommunane, seier Eide.

Ifølgje Funksjonshemmedes Fellesorganisasjon (FFO) har også fleire mindre kommunar måtte leggje inn fleire andre funksjonar i rolla som barnekoordinator i utlysingsteksten.

– Då spørst det kor mykje tid det blir igjen til å koordinere og skaffe hjelp til familiane, seier leiar Berit Therese Larsen i FFO.

(©NPK)