Innfører karantene også om du har vore på reise innanlands

Kommuneoverlege i Kinn kommune, Jan Helge Dale

Kommuneoverlege i Kinn kommune, Jan Helge Dale Foto:

KORONA: Alle kommunane i tidlegare Sogn og Fjordane innfører alle eit likelydande karantenekrav etter opphold i deler av Norge.

DEL

– Folkehelseinstitutet (FHI) har heile tida oppfordra til at ein bør ta lokale avvegingar. Vi har per i dag eit lågt smittepress, og som ein sårbar region er det vårt ansvar å gjere det ytterste for å halde det slik lengst mogleg. Dette er inngripande, alvorlege tiltak, som statsministeren og helseministeren har sagt. Det er ikkje noko verken vi eller sentrale styresmakter gjer med lett hjarte, men lat det vere heilt klårt: Desse tiltaka vil redde liv, seier Øystein Furnes, kommuneoverlege i Sunnfjord kommune.

Saman med sine kollegaer i dei andre kommunane i tidlegare Sogn og Fjordane fylke, innfører han no krav om karantene for alle som har vore i store deler av Sør-Norge frå og med 12.mars.

Regelen gjeld fylka Oslo, Agder, Rogaland, Viken, Vestfold og Telemark, Innlandet, Trøndelag og det geografiske området som tilsvarer tidlegare Hordaland.

- Vi er ein sårbar region, prega av små kommuner og lange avstander. Vidare er vi heilt avhengige av å beskytte sjukehusa våre i størst mogleg grad. Per i dag har vi god kontroll på smittesituasjonen i regionen. Denne misser vi raskt om vi ikkje får betre kontroll på det innanlandske smittepresset, seier kommuneoverlege Jan Helge Dale i Kinn kommune.

Nasjonale vedtak

Kommuneoverlegane ser dette vedtaket som ei naturlig følgje av FHI sine tilrådingar, og Helsedirektoratet sitt nasjonale vedtak. Innstramminga gjeld per no dei nemnde fylka.

– Vi gjer dei same unnatak og tilpassingar som Helsedirektoratet har gjort i sitt nasjonale vedtak: Det er mogleg for unnatak for heilt kritisk nøkkelpersonell som er symptomfrie. Vi reknar heller ikkje transitt på flyplasser, eller direkte heimkøyring i eigen bil frå flyplassar, som opphald i dei aktuelle områda, sier Thomas Vingen Vedeld, kommuneoverlege i Stad kommune.

Så kva betyr dette vedtaket i praksis for folk?

– Det betyr at alle som var i desse fylka 12. mars eller seinare, må vere i heimekarantene i 14 dagar, på same måte som alle som har vore i utlandet, sier Leiv Erik Husabø, kommuneoverlege i Sogndal kommune.

– For øvrig gjeld alle reglane som elles gjeld nasjonalt, for eksempel om du er helsepersonell eller får meir enn heilt milde luftvegssymptom.

Kommuneoverlegane har inntrykk av at det er stor forståelse i befolkninga for tiltaka, og strekar under at folk må førebu seg på at situasjonen kan vare lenge.

– Det å halde avstand til kvarandre har vore det soleklart mest effektive tiltaket mot pandemien i alle land som har klart å halde den i sjakk, avsluttar Øystein Furnes.

Gjeld ikkje Helse Førde

Men dei nye karantenereglane gjeld ikkje Helse Førde-tilsette:

– Alle tilsette i Helse Førde skal møte på jobb som vanleg. Føretaket har rett til å unnta symptomfrie tilsette når dette er nødvendig for å oppretthalde forsvarleg drift. Vi har høve til å gje dispensasjon for nødvendig helsepersonell. Vi har definert alle som arbeider i Helse Førde som nødvendige, seier adm. direktør Arve Varden.

Her er regelen som gjer at Helse Førde har høve til dette:

«Leiing av verksemder som er lista etter DSB sin definisjon av samfunnskritiske funksjoner vert gitt adgang til å gjere unntak for eige symptomfritt nøkkelpersonell når dette er strengt naudsynt for å oppretthalde forsvarleg drift av kritiske samfunnsfunksjoner. Vedtaket har verknad frå 15.03.2020 og gjeld inntil nytt vedtak er fatta.»

– Regelen om at alle våre som kjem frå reiser utanom Norden, skal i heimekarantene i 14 dager etter heimkomst, uavhengig om dei har symptom eller ikkje gjeld framleis. Laurdag blei dette utvida til også å gjelde reisande frå Danmark og Island. Vedtaket har tilbakeverkande kraft frå 27. februar.

Artikkeltags