– Innbyggarane i Kinn leverer til terningkast seks

FLORØ: Alt vart snudd på hovudet i nye Kinn kommune då regjeringa stengde barnehagane og skulane torsdag 12. mars. Dei siste tre vekene har ordføraren sett kva som bur i dei tilsette og framfor alt dei 17. 300 innbyggarane i kommunen. Og han er imponert.