Her robbar dei Amfi

INNE: Her er dei to tjuvane komme seg inn i senteret via Jernia-butikken og er på veg mot Telekiosken. Som bildet frå overvåkingsvideoen viser er klokka 01.25 natt til onsdag 18. mars. Foto: video Amfi

INNE: Her er dei to tjuvane komme seg inn i senteret via Jernia-butikken og er på veg mot Telekiosken. Som bildet frå overvåkingsvideoen viser er klokka 01.25 natt til onsdag 18. mars. Foto: video Amfi

Artikkelen er over 4 år gammel

FLORØ: – Vi har både taktiske og tekniske spor vi følger opp, seier politiet.

DEL


Det var natt til onsdag 18. mars at tre personar lukkast å bryte seg inn i Jerniabutikken på nordsida av Amfi-senteret i Florø og vidare inn til Telenorbutikken. I løpet av ein og ein halv time lukkast banden på tre personar å få med seg varer for om lag ein halv million kroner.

Frigitt

No har politiet frigitt nokre av overvåkingsbilda som syner at det er to personar som er fanga opp av kameraet inne i senteret og eit av bilen på utsidan der ein tredje person venta. Bilden er ein sølvgrå Volvo V60, kan det sjå ut på bilda.

Utelukkar ikkje lokale

Etterforskingsleiar Kjell Magne Barsnes fortel at ut ifrå dei opplysningane dei sit på no, er tjuvane ikkje lokale.
– Vi har fått opplysningar gjennom avhøyr og vi har gjort tekniske funn som gjer at nokre personar er av interesse for oss. Men per no er det ingen personar vi kan knytte 100 prosent til åstaden, fortel Barsnes.
 

Det blir spekulert i om dette er personar som har hatt ein lokal kjentmann med på laget, eller at dei har vore på senteret i forkant og gjort reaserch for å finne ut kor det var alarmar. Det som er sikkert er at tjuvane unngjekk alarmen på senteret under innbrotet.


 

Artikkeltags