I oktober i fjor kunne Firdaposten melde at Trygve Ullaland AS var i gang med grunnarbeidet på det som skal bli den nye Coop-butikken på Evja, og no er bygget i ferd med å reise seg.

Den gongen sa direktør for eigedom i Coop Nordvest, Lars Ove Valaas-Breivik, til Firdaposten at ein rekna med å ha bygget klart i månadsskiftet mai/juni i år. No fortel driftsdirektør for daglegvarer, Rune Økland, at butikken vil vere opna innan 1. juli.

– I og med at vi eig bygget vi befinn oss i per i dag, har vi ikkje hastverk. Men i juli er vi opna, slår han fast.

Den heilt nøyaktige opningsdatoen vil vere klar om to-tre veker, og når februar månad er omme vil utstyr og innreiing til den nye butikken gå i bestilling.

– Då kan vi fortelje meir om korleis butikken blir.

Så langt veit vi at det er teikna inn søndagsbutikk i prosjektet, som ende opp med 33 parkeringsplassar ute og 17 under tak.

Det er Sunnfjord Construction Group Bygg AS frå Førde som skal utføre jobben.