- Sandberg ofrar sjømatnæringa

Foto:

Artikkelen er over 3 år gammel

Ingrid Heggø med krass kritikk av fiskeriminister Per Sandberg.

DEL

Arbeiderpartiet sin fiskeripolitiske talsperson Ingrid Heggø meiner at Per Sandberg (FrP) ofrar sjømatnæringa med opne auge.

Per Sandberg har erklært seg som EØS-motstandar. Men i eit skriftleg svar til stortingspolitikar Ingrid Heggø skriv Sandberg at utan EØS-avtalen vil konkurransekrafta for norsk sjømatnæring bli svekka.

- Han er fiskeriminister og ansvarleg statsråd for ei næring som har EU som sitt viktigaste marked. Samstundes driv han med dobbeltkommunikasjon med ei meining som FrP-politikar og ei anna som minister, påpeikar Heggø i ei pressemelding.

- Det er heilt absurd at vi har ein fiskeriminister som også er den største kjelda til usikkerheit for næringa, seier Heggø.

EØS-debatt

Sandberg har varsla EØS-debatt på FrP sitt landsmøte, og har sjølv uttalt at han ville stemt nei til EØS dersom det var folkerøysting i morgon.

Heggø har tatt dette opp med statsråden i eit skriftlig spørsmål. I svaret til Heggø framhevar Sandberg sjølv både viktigheita av EØS-avtalen og usikkerheita som ligg i å seie opp avtalen.

Heggø får støtte frå Sjømatalliansen.

- Å skape usikkerhet om EØS-avtalen slik Fremskrittspartiet gjør i arbeidet med nytt partiprogram er rett og slett skremmende, sier Kjell Ingebrigtsen på vegne av Sjømatalliansen.

Forverret konkurransekraft

"Dersom Noreg går ut av EØS, vil varer frå Noreg verte behandla som import frå såkalla tredjeland. Norsk sjømat vil då mellom anna verte gjenstand for EUs veterinærkrav og full grensekontroll, i tillegg til forverring av konkurransekrafta som følgje av at tollfritak fell bort", skriv Sandberg i svaret.

- Fiskeriministeren innrømmer jo her at han vil ofre sjømatnæringa med opne auge, meiner Heggø.

I svaret utdjupar Sandberg konsekvensane ytterlegare:

 "Noreg tapar tollfritak på dei fleste kvitfiskprodukt til EU (…) Dei viktigaste produkta vil då møte toll på mellom 10 og 25 prosent. Ei rekke tollfrie importkvoter som Noreg har forhandla fram i samband med EØS-finansieringsordninga vil kunne falle bort."

Heggø reagerer kraftig på Sandberg sin dobbeltkommunikasjon.

- Ein ministerpost er ikkje ein hatt du kan ta av og på når det passar deg, seier Heggø, som no krev ei opprydding.

- Sjømatnæringa er ein av Norges absolutt viktigaste næringar, vi kan ikkje akseptere at næringa sin eigen statsråd spreier usikkerheit på denne måten, avsluttar Heggø.

Les heile svaret hos Stortinget: Svar til Heggø

Artikkeltags