Ingen nye korona-sjuke hjå Helse Førde måndag

Talet på stadfesta tilfelle av COVID-19-smitta i Helse Førde sitt område er framleis 49 personar.

DEL

Ifølgje Helse Førde er det ikkje registrert nye korona-smitta i deira område i løpet av måndagen.

Det siste døgnet er 16 prøver analyserte, og samtlege er negative for viruset.

Statistikken ser no slik ut:

Stadfesta tilfelle av COVID-19 i Helse Førde sitt område: 49

(0 nye siste døgn, 16 prøver analyserte)

Innlagde pasientar med stadfesta COVID-19 smitte: 1

Innlagde pasientar til intensivbehandling: 1

Utskrivne pasientar: 5

Tilsette i karantene: 11 (av om lag 3000 tilsette)

Tilsette med stadfesta smitte: 2 (av om lag 3000 tilsette)


Artikkeltags