Gå til sidens hovedinnhold

Ingen friske og fullvaksinerte på respirator i Helse vest dei siste månadene

I november og desember 2021 var det ikkje ein einaste frisk, fullvaksinert pasient som trong respiratorbehandling for covid-19 ved sjukehusa i Helse vest.

Under åtte prosent av norske vaksne er uvaksinerte mot koronaviruset. Samtidig viser dei nye tala frå Helse vest at denne gruppa er overrepresentert på intensivavdelingane ved sjukehuset i helseføretaket.

I november og desember var 27 av 38 pasientar som måtte ha respiratorbehandling på intensivavdelingane ved sjukehusa i Helse Fonna, Helse Førde, Helse Bergen, Helse Stavanger og Haraldsplass Diakonale Sjukehus, uvaksinerte.

Elleve pasientar var vaksinerte. Av dei var det åtte pasientar med nedsett immunforsvar, medan dei siste hadde andre risikofaktorar for å utvikle alvorleg koronasjukdom.

– Dette viser at vaksinen gir svært godt vern mot å bli alvorleg sjuk og hamne på respirator. Dei einaste som ikkje oppnår det gode vaksinevernet, er stort sett dei immunsupprimerte pasientane, seier leiar Stig Gjerde av regionalt intensivnettverk i Helse vest.

Tala omfattar berre intuberte pasientar, altså pasientar som blir behandla med invasiv respiratorstøtte og utgjer dei aller dårlegaste pasientane.

(©NPK)

Kommentarer til denne saken