Svaret er heldigvis ja for Ine sin del. Men det kjem av laget hennar speler kampane sine i Bergen mot sterke lag. Så er det ein bonus at ho kan delta på samlingar med andre motiverte talent frå ulike klubbar på Vestlandet.
For blant sine jamaldringar i Florø er heldigvis ikkje Ine ein einsam talentfull svale. Det er fleire gode spelarar i Florø 06 og Ine meiner det sosiale fellesskapet er avgjerande både for motivasjonen og utviklinga for alle på laget.
Men dei kjem ikkje bort frå at spel i bergens-serien betyr ein del reising.
– Det blir ein del farting i helgene gjennom sesongen, men det er sosialt og vi jentene på laget kosar oss i lag, seier Ine.
Samansveisa gjeng
Dei har ei fin ordning der dei trekker kven som skal vere på rom i lag. Slik blir det ei viss rullering slik at jentene blir godt samansveisa.
06-laget speler i Bergens-serien for å få eit kamptilbod som står i stil med kvaliteten på laget. Dei er også kvalifisert i den nasjonale Bring-satsinga som er ei turnering blant dei beste laga i landet. Skal ein kunne vere med her må ein kvalifisere seg, noko Florø gjorde i haust.
Utover dette er også Ine ein spelar som har blitt plukka ut til spissa satsingar både på bylag og på dei regionale landslagssamlingane. Den neste er allereie 7. desember.
Samlinga er i Nordneshallen i Bergen der Ine ein av dei ti 06-jentene frå Vestland som er plukka ut. Men ho får også med seg dei to 07-talenta ifrå Florø SK Handball: Linnea Kjerpeseth og Leonora Solheim Ytreland. Kristina Hjelle frå Gloppen HK er også tatt ut til samlinga neste helg.
Får mange venner
Ine fortel ho set stor pris på å møte andre talentfulle jenter på samlingane ho har vore med på. Ikkje berre gir det god sportsleg utvikling, det viktigaste meiner ho er vennskapet.
– Det er utruleg kjekt å vere på tur med ein gjeng denne helga, og neste helg får eg vere med ein heilt annan gjeng. Du får etter kvart eit stort nettverk. Det vil eg få glede og nytte av seinare, fortel Ine.
Til liks med mange av jentene i laget er ho engasjert i handballen og har ambisjonar om å spele på eit høgt nivå.
– Eg har jo ein draum om eingong å komme på landslaget, og om du er villig til å legge ned mykje nok og riktig nok trening er det ikkje umogleg om du er motivert nok, forklarer Ine.
Ho meiner ambisjonar om eingong å spele i eliteserien i handball, er ei realistisk målsetting. Spesielt om du blir plukka ut til regionale landslag som Ine har blitt fleire gongar.
Startar i dag
Men først er det Bring. Dette er ei nasjonal turnering for dei beste J16-laga i landet. Florøjentene kvalifiserte seg no i haust, og i dag søndag 27. november startar kampane.
- Her er linken om du vil følge kampane til florøjentene
– Vi gler oss til å komme i gang.
Venstrebacken skal først ut mot idrettslaget Ros som held til på Røyken rett aust for Drammen. Seinare på dagen skal dei ut mot bergenslaget Gneist. Det er eit lag dei også har møtt, og slått, i serien.
Her er laga Florø skal møte i den nasjonale Bring-serien. Klokka 14.00 skal dei møte Ros og klokka 18.00 er det Gneist som er motstandaren til dei blå florø-jentene.
1 | Charlottenlund | 0 | 0 | 0 | 0 | 0 – 0 | 0 |
2 | Elverum | 0 | 0 | 0 | 0 | 0 – 0 | 0 |
3 | Florø | 0 | 0 | 0 | 0 | 0 – 0 | 0 |
4 | Gneist | 0 | 0 | 0 | 0 | 0 – 0 | 0 |
5 | KFUM | 0 | 0 | 0 | 0 | 0 – 0 | 0 |
6 | Oppsal | 0 | 0 | 0 | 0 | 0 – 0 | 0 |
7 | Rolvsøy | 0 | 0 | 0 | 0 | 0 – 0 | 0 |
8 | Ros | 0 | 0 | 0 | 0 | 0 – 0 | 0 |
9 | Sinsen-Refstad | 0 | 0 | 0 | 0 | 0 – 0 | 0 |

Florø-jentene er klare for Bring-serien
