På VGs siste meiningsmåling får Industri- og næringspartiet (INP) ei oppslutning på 3,5 prosent. Arbeidarpartiet får ny botnnotering på 18,1 prosent.

Hadde meiningsmålinga vore valresultatet, ville INP fått stortingsplassar både frå Rogaland og Hordaland, ifølgje VG.

– Det er første gong vi har notert at dei har høve til mandat, seier Thore Gaard Olausen i Respons Analyse, som har utført målinga på oppdrag frå avisa.

Leiaren i industripartiet Owe Ingemann Waltherzøe seier dei har jobba knallhardt den siste tida. Han har denne forklaringa på veksten:

– Hovudårsaka er straumpriskrisa og løysingane våre på det. Ved sida av at vi ønskjer å utvikle, ikkje avvikle olje- og gassnæringa, seier han.

Arbeidarpartiet får ei oppslutning på 18,1 prosent på målinga, den lågaste nokon gong på ei Respons-måling. Partiet går tilbake 0,5 prosentpoeng frå førre måling.

Høgre er største parti med 30,9 prosent, men går tilbake med 1,5 prosentpoeng – altså meir enn Arbeidarpartiet. Frp går mest tilbake på målinga, -2,8 prosentpoeng, og endar på 10 prosent.

MDG går mest fram og får ei oppslutning på 4 prosent (+1,7 prosentpoeng).

For resten av partia er oppslutninga som følgjer (endring frå førre måling i parentes): SV: 9,1 prosent (-0,4), Raudt: 6,8 (+0,5), Senterpartiet: 6,3 (+1), Venstre: 5,5 (+0,7), KrF: 3,9 (+0,4) og Andre: 5,4 (+0,9). I kategorien «andre», inngår også INP.

Feilmarginen på målinga er på mellom 2 og 3 prosentpoeng.

(©NPK)