INC og SFE vil bygge hydrogenanlegg i Florø

INC Hydrogenteam: Marita Jarstad og Svein Arne Bjørkedal i INC sitt hydrogenteam, forografert i 2019. Jarstad skal no leie eit nytt prosjekt, Oliven, for å jobbe med realisering av eit hydrogenanlegg.

INC Hydrogenteam: Marita Jarstad og Svein Arne Bjørkedal i INC sitt hydrogenteam, forografert i 2019. Jarstad skal no leie eit nytt prosjekt, Oliven, for å jobbe med realisering av eit hydrogenanlegg. Foto:

Dei to selskapa går saman om hydrogenproduksjon i Florø.

DEL

Selskapa INC Invest AS og Sogn og Fjordane Energi AS (SFE) har stifta selskapet HyFuel med mål om å etablere eit anlegg for produksjon av hydrogen på Fjord Base i Florø.

Selskapet vil utvikle, eige og drifte anlegg for produksjon av hydrogen og Liquid OrganicHydrogen Carrier (LOHC), i tillegg til leveranse og utnytting av biprodukta oksygen og varme.

HyFuel vil også invitere med Gasnor som likeverdig medeigar i selskapet. Selskapet skal levere hydrogen og LOHC til den maritime næringa i inn – og utland.

Det er oppretta eit prosjekt, Oliven, leia av Marita Jarstad, som skal framskaffe nødvendig teknisk underlag for realisering av anlegget, skriv dei i ei pressemelding.

Prosjektet samarbeider med forskingsinstitusjonar, sluttbrukarar og leverandørar i inn- og utland.

Byggestart av anlegget på Fjord Base er planlagt i løpet av 2021.

– Vi har stor tru på at grøn hydrogen vil spele ei viktig rolle for å oppnå klimamåla og det er ekstra kjekt at vi som lokale samarbeidspartnarar kan løfte dette framtidsretta prosjektet ilag, seier konsernsjef i SFE, Johannes Rauboti.

Lanserte eit gryteklart hydrogenpilot-prosjekt som vil samle Kinn

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken