Endra krava til baseutbygging

Åge Larsen (t.h.) i Ap var ein av dei som ville endre rekkefølgjekrava til basen.

Åge Larsen (t.h.) i Ap var ein av dei som ville endre rekkefølgjekrava til basen. Foto:

Av
Artikkelen er over 4 år gammel

Plan- og miljøutvalet i Flora vedtok å legge til rette for utviding av Fjord Base.

DEL

Plan og miljøutvalet drøfta i dag om dei skulle vedta å endre rekkefølgjekrav i samband med utviding av Fjord Base vestover. Bystyret stilte i utgangspunktet krav om at utbyggar skulle bygge infrastruktur i form av veganlegg først. Oddgeir Igland i Fjord Base tok i brevs form opp at dei ikkje kunne bruke eit 100-tals millionar før utbygginga av sjølve oljebasen kunne starte. Det ville ikkje kunne bere seg økonomisk.

Plan- og miljøutvalet vedtok i dag at INC Invest får starte utbygginga utan først å innfri rekkefølgekrav. Vedtaket er endeleg og skal ikkje opp i bystyret. I denne saka gjorde Høgre og Ap felles front, medan Venstre var meir skeptiske og ville ha saka vidare til bystyret. Åge Larsen var aktiv i saka for Ap:

- Slik konkurransesituasjonen er no, så må vi lempe på krava. Saka kan ikkje dra ut i tid no, det har vi ikkje tid til. Saksbehandlinga av baseutvidinga har teke alt for lang tid allereie.

Artikkeltags