– Ikkje møt opp på legekontoret om du er forkjølt eller har influensa

Jan Helge Dale.

Jan Helge Dale. Foto:

FLORØ: Kommuneoverlege Jan Helge Dale ber no om ein samfunnsdugnad for å avgrense korona-smitten. – Vi har ingen med påvist korona i Kinn, men det er berre eit spørsmål om tid.

DEL

– No er det smitte i Førde og Sogndal, og den kjem snart hit. Vi er i ein situasjon i Norge no at vi snart ikkje har kontroll på kven som er smitta, eller kvar smitta kjem frå. Vi går då inn i ein ny fase, og då treng vi ein samfunnsdugnad for å avgrense spreiinga, seier Dale.

Han ber difor folk som har feber og forkjølingssymptom om å halde seg unna legekontoret.

Ring, ikkje kom

– Ring oss, ikkje møt opp, oppfordrar han.

– Dei som vanlegvis ville oppsøkt lege på grunn av ein vanleg luftvegsinfeksjon, bør vurdere om det er naudsynt.

Dette for å unngå at legekontoret blir ein arena for koronasmitte, og å skjerme dei pasientane som oppsøker legekontoret av andre årsaker, og som gjerne er i risikosona for komplikasjonar ved koronasjukdom.

Han ber folk som har forkjølelses- eller influensasymptom om å ringe legekontoret, så vil dei bli ringt opp att av legen.

– Er situasjonen slik at ein ønsker at legen skal vurdere situasjonen meir nøye enn ein kan i ein telefonsamtale, så kan vi bruke videokonsultasjon. Vi har utstyr til det, og viss pasienten har smarttelefon, så kan ein ta ei vurdering via videosamtale på mobiltelefonen, seier Dale.

Følg situasjonen i vårt direktestudio: Firdaposten direkte

Ikkje gå til tannlegen

Ein bør heller ikkje gå til tannlegen om ein har slike symptom.

- Det er like viktig å halde seg unna tannlegekontoret ved forkjølelse eller mistanke om influensa. Det seier Lars Knut Andersen, tannlege ved Flora tannlegesenter.

Dette informerte tannlegesenteret kundane sine om allereie i slutten av februar. Pasientane som vert kalla inn får også beskjed om dette på sms, i tillegg til at senteret har oppslag på døra.

– Tenk deg om

Med tanke på at helsevesenet no har eit betydeleg arbeidspress, ber kommuneoverlege Jan Helge Dale også folk om å tenke seg nøye om før dei går til legen.

– Viss det ein skal til legen for kan vente, og ein ikkje trur det som plagar ein er farleg, eller at det vil gå over av seg sjølv, så er det fint om ein kan vente litt med å ta den legetimen. Tenk deg om, rår Dale.

Han ber også folk med forkjølelses-/influensasymptom om å tenke seg nøye om kvar dei går og kven dei omgåast. Det luraste er å halde seg heime til ein er frisk.

– Treng ein til dømes å gå på treningsstudio mens ein har sjukdomssymptom? Så er det også viktig å hugse på handvask og hostehygiene, seier kommuneoverlegen.


Oppslag på institusjonane

Det har no komme opp oppslag på sjukeheimar og i omsorgsbustader i Kinn om kva ein bør tenke på før ein går på besøk.

– Ikkje reis på besøk om du er halvsjuk, eller har vore sjuk dei siste 14 dagane. Vent med besøket, oppfordrar Dale.

Har auka bemanninga

På Sunnfjord Medisinske Senter i Florø får dei no veldig mange telefonar, og mange handlar om korona.

– Vi har auka opp bemanninga i resepsjonen med 50–60 prosent, for å kunne svare på telefonane som kjem. Det er litt lenger ventetid no, men vi har førebels ikkje fått klager på at folk ikkje kjem igjennom, seier Jan Helge Dale.


Artikkeltags