På Facebook-sida mi dukka det tidleg opp eit bilde av ein kjenning som var på rådhuset i Måløy og røysta. Eg snakkar om ein god venn, ein tidlegare fotballeiar i Tornado si storhetstid, ein samfunnsbyggar, nemleg Edvard Iversen. Og som det stod: Edvard røysta sjølvsagt ja til at Kinn skal bestå.

Det hadde eg òg gjort om eg fortsatt hadde budd i Måløy.

Det hadde eg gjort sjølv om eg i si tid var mot samanslåing med Flora. Eg kan liste opp nokre grunnar for det standpunktet, men det har ingen ting for seg, for dei to kommunestyra vedtok samanslåing. Dei tilsette har brukt krefter og innsats på å etablere ein funksjonell og god kommune, og innbyggarane har fått ein betre kommune. Og med det meiner eg at kommunen på fleire område leverer betre tenester, kommunalt tilsette med den nødvendige kompetansen er blitt fleire, fagmiljø er blitt styrka.

Det er jo dette ein kommune skal gjere: Levere gode tenester på dei ulike kommunale felta som skule/barnehage, eldreomsorg, sosiale tenester, teknisk, kultur og kulturskulen osv.

Mi røynsle frå "gamle Vågsøy" er at rekruttering til dei ulike kompetansearbeidsplassane innan kommunen ikkje var enkelt. Og då snakkar vi om ein kommune med 6500 innbyggjarar, for det var folketalet då eg slutta som ordførar rundt årtusenskiftet.

I dag bur det 1000 færre innbyggjarar i "Vågsøydelen" med dei utfordringar det gir økonomisk og ressursmessig på mange område, ikkje minst det faktum at færre innbyggjarar fører til at det statlege rammetilskotet blir redusert, skatteinntektene blir lavere og med ei aldersamansetjing som betyr større utfordringar enn kommunar med yngre befolkning, har.

Kommune-Noreg er i stadig utvikling, innbyggjarane er stadig meir kravstore og veit om rettane sine og kva dei kan kreve av tenester og standard på tenester.

Så konklusjonen min er:

Det er ikkje sikkert det var lurt å lage Kinn, men eg er sikker på at det ikkje er lurt å dele no!