Driv du verksemd, til dømes eit skileikanlegg som ligg meir enn fem kilometer frå riksveg ,og det i tillegg bur lite folk langs vegen. Ja då er du ikkje verdt å bli vist til med eit såkalla «verksemdsskilt». Grunnen er ei føresegn, med namnet N300. Og at dei som skal dit kan bruke kart for å finne fram.

Instedalen skianlegg i Naustedalen har fått endeleg avslag på søknaden om «verksemdsvising» på rv5 ved Naustdalstunnelen, og i to kryss på fylkesvegen innover i dalen. Avslaget er grunngjeve med at det i «føresegnene i N300 (Trafikkskilt)» heiter at «verksemdsvisning som hovudregel ikkje skal strekka seg over ei lengre vegstrekning enn ca. 5 km frå første vegvisar til målet det blir vist til.» Men N300 opnar for at at det kan vere meir enn fem kilometer i spreidd bygde område. Men 17 kilometer er for langt! «Sjølv om N300 opnar å kunne vise til stadar over lengre avstandar i spredtbygde område, meiner vi at det her er snakk om så vidt store avstandar at skilting ikkje bør bli innvilga, heiter det i brevet frå Vegdirektoratet. Og Vestland fylkeskommune er samd! Dei er ansvarlege for dei to kryssa der det er fort å køyre feil, om ein ikkje er godt kjent.

Både direktorat og fylkeskommune kunne like godt ha skrive, at så langt frå riksvegen som 17 km skal det ikkje ligge eit skianlegg som folk frå andre stader kan og vil nytte.

Men løysinga for dei som vil dit har dei. Dei kan bruke kart for å finne fram: «Vi peikar og på at det må kunne forventast at ukjente trafikantar orienterer seg ved hjelp av kart og annan informasjon før ei reise.», skriv Vegdirektoratet. Men det gjeld vel alle, ikkje berre dei som skal 17 km frå riksvegen? Vegdirektoratet kan vel med eit slikt syn byrje å ta ned mange «verksemdsskilt».

Ein ting er den konkrete saka. Noko anna er heile haldninga til det som skjer og folk som bur spreidd og utanfor allfarveg. Dei er liksom ikkje like mykje verdt som dei som bur i sentrum!

Det er på same måten når det gjeld trafikksikring og redusert fartsgrense. I Botnane i Bremanger er vegen smal og svingete, og husa ligg fleire stader svært nær vegen. Det er teke opp fleire gonger å få redusert fartsgrensa frå 80 km/timen til 60 km/timen. Men, nei. Her bur det for få folk – og dei bur for spreidd! Og så vil alle skjøne at det ikkje går å køyre i 80, heiter det i svara frå statens vegvesen. For det fyrste er det ikkje alle som skjønar det, og for det andre så gjeld vel det også mange andre vegstrekningar, at folk må skjøne at det ikkje går å køyre i den fartsgrensa som gjeld. Det er rom for å plukke ned mange skilt her også!