Nettverk fjord- og kystkommunar meiner mangel på statlege midlar forseinkar breibandutbygginga i Noreg- ikkje kommunale graveforskrifter. Kommunal- og distriktsministeren lovar fleire statlege kroner til breiband.

Tidlegare i oktober la Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit (Nkom) fram nye tal som viser at det framleis er 241.000 husstandar i Noreg som manglar breiband. To tredelar av desse husstandane ligg i spreiddbygde strøk.

Kommunane må punge ut

Både Nkom, fylkeskommunane og kommunane i Noreg verkar å vere samde om at det er samarbeid mellom dei politiske styringsnivåa og næringslivet som best kan sikre at også spreiddbygde strøk blir sikra god nok breibandsdekning. Teknologiekspert Torgeir Waterhouse uttalte tidlegare i haust til Nynorsk pressekontor at det i mange tilfelle er kommunane som står i vegen for utbygging.

– Vi har kommunar som står i kø for å gjere graveforskriftene så vanskelege som mogleg. Krava nokre kommunar stiller til utbygging, gjer at det ikkje er lønnsamt å byggje ut, sa Waterhouse.

Leiar i Nettverk fjord- og kystkommunar og ordførar på Hitra Ole L. Haugen tek sterk avstand frå påstanden frå Waterhouse.

– Dette stemmer ikkje i det heile tatt. Problemet er ikkje at breibandselskapa ikkje får lov til å grave, men kort og godt at kommunane må bruke store millionbeløp sjølve, før nokon vil grave og leggje fiber, slår Haugen fast.

Ingen vil byggje grisgrendt

Haugen meiner det er få eller ingen breibandselskap som vil byggje ut til dei minst lønnsame kundane i kommunen, utan at kommunen og fylkeskommunen er med på eit spleiselag.

– Realiteten at det må ein kommunal eigendel på plass for utløyse støtte, og det er sjeldan kommunen ikkje stiller opp med desse midlane. Likevel er det ikkje nok midlar frå fylkeskommunen og Nkom for utbygging i dei mest grisgrendte strøka, seier han.

Staten må ta rekninga

I statsbudsjettet for 2022 er det foreslått om lag 205 millionar kroner til breibandutbygging i Noreg. Nfkk meiner det trengst ei betydeleg auka satsing opp mot ein milliard.

– Det går for smått. Som ein liten kommune med litt over 5.000 innbyggjarar har vi i Hitra allereie brukt over 20 millionar av eigne midlar på betre mobil- og breibandsdekning og skal vi sikre god dekning til alle må vi legge endå fleire millionar på bordet. Viss kommunane skal bli attraktive lokalsamfunn for næringsverksemd og verdiskaping, tilflyttarar og innbyggjarar må tilgangen på breiband betrast betrakteleg i heile landet, seier Haugen.

Han meiner staten aleine må ta rekninga.

– Dette burde heilt og fullt vere statens ansvar. Det er essensiell infrastruktur. Like viktig som vatn og straum, seier han.

Kommunane må med i spleiselaget

Kommunal- og distriktsminister Bjørn Arild Gram opplyser at den nye regjeringa vil auke den statlege innsatsen på breibandutbygging, men vil førebels ikkje legge nokon tal på bordet.

– Vi skal legge fram ein tilleggsproposisjon til statsbudsjettet om kort tid. Eg kan ikkje forskotere kva typar endringar vi vil kunne gjere innanfor denne korte tidsramma, seier Gram til Nynorsk pressekontor.

Han viser til tilskotsordninga for breiband er avhengig av midlar frå fleire aktørar for å bli best mogleg.

– Det er eit spleiselag der midlar frå både staten, lokale styresmakter og private utbyggjarar inngår. Eg er oppteken av at alle gode krefter dreg saman for å få alle over på rask og framtidsretta infrastruktur, seier kommunalministeren.

– Samstundes meiner vi staten må ta eit større ansvar for at vi skal nå dei områda der det ikkje er kommersielt grunnlag for utbygging, legg han til.

(©NPK)