Vengefjør på grågjæser er avgjerande for flygeevna deira og jaktstarten blir regulert ut frå tilveksten. Eit forskingsprosjekt frå Vesterålen viser stor variasjon på fjørutviklinga, noko som viser at det ikkje er forsvarleg å endre jaktstarten.

Prosjektet har vore i regi av Noregs Bondelag og Norsk institutt for naturforsking (NINA).

Utgangspunktet for prosjektet var beiteskadar på dyrkamark og observasjonar av grågjæser som flyg i juli månad ifølgje ein nyhendeartikkel frå Noregs Bondelag.

Det har også vorte samarbeidd med lokale gardbrukarar for å finne løysingar, går det fram i same artikkel.

– Vi undersøkte fjørutviklinga på gjæser som vart felte før den regulære jaktstarten og basert på desse funna vart det vurdert i kva grad dette kunne gjelde fleire gjæser i regionen, og om det kan vere grunnlag for tidlegare jaktstart, fortel Ove Martin Gundersen, leiar av gåseprosjektet til Noregs Bondelag.

I rapporten frå prosjektet blir det foreslått at kommunar med ein lokal forvaltningsplan, basert på regelverket i dag, kan tillate ei såkalla tidlegjakt fjorten dagar før den ordinære jaktstarten.

– Meir kunnskap kan redusere utfordringar rundt grågås og gi oss nye verktøy i forvaltninga av ho. Grada på problem med grågås varierer for dei som har ho på eigedommen. Tid på året speler også ei rolle og eit av måla er at haustjakt kan vere ein ressurs for landbruket på lik linje med anna jaktbart vilt, understrekar Gundersen i same artikkel.

I tillegg til Noregs Bondelag er prosjektet finansiert av Miljødirektoratet, Nordland fylkeskommune, Andøy-, Hadsel- og Sortland kommune.

(©NPK)