Usikkert om det kjem pengar til hall

Artikkelen er over 1 år gammel

Fylkestinget løyvde ikkje pengar til fotballhall i Florø, men vil sjå hallstøtta i samanheng med andre prosjekt i fylket.

DEL

I juni i år uttrykte fylkestinget at ein er positive til realisering av ein ny innandørs fotballhall i Florø.

Fleire hadde difor håp om at det skulle komme ei konkret pengeløyving til prosjektet under fylkestinget onsdag, mellom dei Rune Bortne, prosjektleiar idrett i Flora kommune.

Men det kom ikkje midlar på noverande tidspunkt. Eit fellesframlegg frå Ap, Høgre, Venstre og FrP sikra likevel at saka skal opp att i løpet av våren.

Vedtaket som fekk fleirtal seier som følger:

«Fylkestinget syner til FT-vedtak 27/17 der Fylkestinget uttrykte at ein er positive til realisering av ny innandørs fotballhall i Florø. Fylkestinget ber om at søknaden frå Flora kommune om økonomisk støtte til hallen vert vurdert saman med andre søknader, blant anna søknadane frå Fjaler og Stryn, opp i mot regionale planar og økonomiske føresetnader, og vert handsama via fagutvala før Fylkestinget tek stilling til den i samband med ei heilskapleg sak om tilskot til idrettsanlegg i løpet av våren 2018.»

– Hadde håpa på tilskot

– Det er von i hengande snøre. Vi hadde håpa på pengar no, det har vi håpa på sidan vi sende søknaden i september. Men ut frå vedtaket får vi tru det ordnar seg i neste runde, seier Rune Bortne til Firdaposten.

Han var sjølv til stades under tingseta.

– Eg har inntrykk av at fylkespolitikarane forsøker å få til ei løysing på dette. Vi må ha på plass støtte frå fylket om vi skal kunne realisere hallen, og eg er glad for at vi framleis er i posisjon til å få det tilskotet vi har søkt om. Men vi er ikkje heilt i mål, seier Bortne.

Vedtaket vil ikkje ha noko praktisk å seie for sjølve fotballhallprosjektet som han jobbar med.

– Eg skal jobbe vidare med forprosjektet, det går uansett sin gang, seier han.

Åtvara fylkestinget mot hallstøtte

Stein Malkenes (MDG) frå Florø gjekk på talarstolen i fylkestinget og uttrykte si bekymring for hallprosjektet.

– Eg har ei bekymringsmelding som gjeld fotballhall i Florø. Bekymringsmeldinga har eg også sendt ut skriftleg, før dette møtet. Det gjeld at prospektet for fotballhall er i ferd med å bli ein stor konfliktsak. Her prøver ein å presse ein stor fotballhall midt inn i det mest verdifulle friluftsområdet i Florø by, sa Malkenes frå talarstolen.

– Eg er bekymra viss fylket skal bruke så mykje pengar på eit så laust og konfliktfylt prosjekt. Vi må vere forsiktig med å legge hall her, sa han vidare.

Han peika på at fylket sjølv på Flora vgs. har ein diger skule med ein allereie diger hall ved sidan av, og at ein heller kunne legge ny fotballhall her.

– Vi har også god plass på oljebasen, ved Eikefjord skule og andre stader i kommunen, påpeika Malkenes.

– Flora bestemmer lokaliseringa

MDG-politikaren fekk svar frå FrP-politikar Frank Willy Djuvik:

– Det er sjølvsagt heilt greitt at Malkenes som innbyggar i Florø engasjerer seg i saker som gjeld Florø. Men det vil nesten måtte vere lokalpolitikarane i Flora som diskuterer realisering og lokalisering av hall i kommunen. At ein politisk skal blande inn lokalisering i fylkestinget blir ho heilt feil, sa Djuvik frå talarstolen.

– Det er heilt feil at det finst eit vell av lokalitetar i Florø til dette. Og det Malkenes ikkje seier her, er at i området hallen skal byggast, der har det knapt gått eit menneske utanom dei som har sjekka blinkane sine på skytebana, sa han vidare.

– Med hall ved Likkjevatnet kan ein få gjort to ting samstundes; rydda opp i den forureina grunnen, og bygd ny hall. Men som sagt, lokalisering er ikkje noko fylkestinget skal meine så mykje om, avslutta han.

Artikkeltags