Fylkesmannen trekker motsegn mot hall ved Likkjevatnet

Ordførar Ola Teigen er glad for at fylkesmannen har trekt motsegna mot hall ved Likkjevatnet.

Ordførar Ola Teigen er glad for at fylkesmannen har trekt motsegna mot hall ved Likkjevatnet.

Artikkelen er over 1 år gammel

No kan Flora kommune gå vidare med storhallplanane.

DEL


Fredag var fylkesmannen på synfaring i Florø for med sjølvsyn å sjå dei ulike lokalitetane for storhall. Tidlegare har han vore skeptisk til plasseringa ved Likkjevatnet, men etter nye rapportar, synfaring og grundig informasjon frå administrasjon og politikarar, var fylkesmannen nøgd med arbeidet Flora kommune hadde gjort og trekte motsegna rett etter synfaring.

-Dette er særs gledeleg. No er det lokalpolitikk og bystyret som sjølv som sit med nøkkelen til å realisere det som kan bli tidenes løft for idretten i Flora, seier ordfrar Ola Teigen.

Ei motsegn kunne i verste fall vere spikaren i kista for prosjektet ved Likkjevatnet.
- Hadde vi måtte byrja på nytt og funne ny lokalitet så tvilar eg på at vi ville klart å realisere Storhallen. For det første har det vist seg vanskeleg å finne gode lokalitetar på Florelandet. For det andre så vil ein forseinking skape nye utfordringar på finansieringssida, seier Teigen.



- Kva var det som overbeviste fylkesmannen til å trekke motsegna?
- Godt arbeid frå planadministrasjonen ved Anders Espeset i spissen og prosjektleiar Rune Bortne. Og så må eg få dra fram Lars Terje Standal, leiar i planutvalet, som på sin elegante måte loser delegasjonen gjennom synfaring og forhandlingar. Vi er gode på plansida i Flora kommune, det viser seg nok ein gong. Og så har vi betre dokumentert at inngrepet ikkje utfordrar naturmangfold av nasjonal og regional verdi.

-No må vi berre få på plass siste del av finansieringa så er vi i gang. Klarar vi det vil heile idretten i Flora få ein betydeleg betre treningskvardag. Det fortener dei, avsluttar ordføraren.

-  Vil ikkje gi negative verknader

Fylkesmannen har tidlegare lagt inn motsegn mot storhall ved Likkjevatnet, på bakgrunn av naturmiljø, landskap og friluftsliv.  Men no har fylkesmiljøvernsjefen snudd.

- Notatet om biologisk mangfald som no er lagt fram, er etter vår vurdering eit fagleg godt grunnlag. Utgreiinga har ikkje avdekka biologisk mangfald av nasjonal eller vesentleg regional verdi, skriv fylkesmiljøvernsjef Nils Erling Yndesdal i eit brev til Flora kommune.

- Konsekvensar for landskapet er no greidd ut og visualisert på ein svært god måte. Den nye konsekvensutgreiinga som spesielt gjeld lokalisering av storhallen, er etter vår meining, fagleg langt betre og meir utfyllande enn tidlegare utgreiingar, skriv han vidare.

Yndesdal meiner møtet og synfaringa før helga gav eit betre bilete av verknadene av storhallen, både med tanke på landskap og friluftsliv.

- Ut frå dette kan vi ikkje sjå at ei plassering av hallen ved Likkjevatnet vil gi negative verknader for nasjonale eller viktige regionale frilufts- eller landskapsinteresser, skriv han.

Ein storhall vil likevel vere svært synleg i eit grønt landskap ved Likkjevatnet. I detaljplanlegginga bør kommunen sikre gode landskapstilpassingar og minimere inngrepa som etablering av hallen vil føre med seg, avsluttar fylkesmiljøvernsjefen.

Artikkeltags