ID-korta kjem til hausten

NYTT PASS og ID-KORT: Politiet forsikrar at det nye passet og ny "leg", altså ID-kort skal komme til hausten.

NYTT PASS og ID-KORT: Politiet forsikrar at det nye passet og ny "leg", altså ID-kort skal komme til hausten. Foto:

Av

Nye pass og nasjonale ID-kort kjem etter planen på hausten, forsikrar politiet.

DEL

Lanseringsdato og annan informasjon om dei nye ID-dokumenta skal kome i sommar. Nye pass og nasjonalt ID-kort skulle opphavleg vere klare i desember 2016, men har vorte utsette fleire gonger.

– Det har vore forseinkingar i arbeidet med pass- og ID prosjektet, men planen er framleis å lansere nye pass og ID-kort i år. Det er eit høgt prioritert tiltak for politiet, seier assisterande politidirektør Håkon Skulstad i ei pressemelding.

KJEM: Nye pass og nasjonalt ID-kort skulle opphavleg vere klare i desember 2016, men har vorte utsette fleire gonger.

KJEM: Nye pass og nasjonalt ID-kort skulle opphavleg vere klare i desember 2016, men har vorte utsette fleire gonger. Foto:

Artikkeltags