Kontrakten gjeld leige av den halvt nedsenkberre boreriggen «Beacon Atlantic», som skal driftast av Odfjell Drilling. Det melder Neptune Energy i ei pressemelding tysdag.
Skal bore på Duva
«Beacon Atlantic» er konstruert for å operere under krevjande forhold, og vil difor vere eigna for å bore tre produksjonsbrønnar på Duva-feltet (tidlegare Cara-feltet) frå slutten av 2019. I tillegg vil riggen kunne bore ytterlegare tre produksjonsbrønnar i den nordlegaste delen av Gjøa-feltet, i det som blir kalla P1-segmentet. Neptune Energy Norge har i tillegg opsjon på å bruke riggen til andre produksjons- og/eller leitebrønnar.
– Med kontrakten for denne moderne riggen er vi i rute med utbygginga av Duva og Gjøa P1-felta, som begge er sentrale i vår norske Nordsjø-portefølje. Produksjonsstart på Duva er forventa i slutten av 2020 og tidleg 2021 for Gjøa P1, seier Odin Estensen, administrerande direktør i Neptune Energy i Norge.
Konstruert for tøffe farvatn
«Beacon Atlantic» er en ny borerigg konstruert for operasjonar på norsk sokkel. Riggen er bygd for effektiv boring av både produksjons- og leitebrønnar.
– Neptune Energy har høge forventningar til «Beacon Atlantic». Riggen har halvtanna boretårns effektivitet. Dette gjør det mogleg å utføre parallelle operasjonar, noko som sikrar et effektivt boreprogram. I fellesskap med Odfjell Drilling har vi allereie kompetent personell til stades på verftet for oppfølging og gjennomføring. Riggen skal etter planen ferdigstillast sommaren 2019, og vil komme til første borestad i fjerde kvartal 2019, seier Erik Oppedal, prosjektdirektør for feltutvikling i Neptune Energy Norge.
«Beacon Atlantic» gjennomgår for tida endeleg klargjering og sjøprøver på CIMC Raffles Yard i Yantai, Kina.
Ny utbygging ved Gjøa gir 200 millionar i direkte ringverknader for Florø
Viktig for Florø
Ifølge Neptune Energy ventar dei å legge att langt over 200 mill. i regionen rundt Florø over utbyggingsperioden som varer i ca. 1,5 år. Dette inkluderer nesten ein dobling av helikoptertrafikken knytt til Gjøa, og ei mangedobling av dagens hamneaktivitet til Gjøa, med mellom anna ekstra forsyningsbåtar.
I tillegg kjem indirekte ringverknader, som auka tal flypassasjerar, fleire restaurantbesøk, fleire hotellovernattingar og generelt sett meir aktivitet som legg igjen pengar i lokalsamfunnet, ifølge Neptune Energy.