Klokka 01.09 melde Vest politidistrikt om at fleire hadde klaga på feststøy, høg musikk og forstyrring av natteroen i Førde sentrum.

Det enda med at politiet oppsøkte ein russebuss, der både bussen og førar blei kontrollert. Kontrollen avdekte at bussen det blei festa i, hadde bruksforbod. Russegjengen måtte dermed parkere for natta, og bussen kan ikkje brukast før feil og manglar er utbetra.

- Russen må ta skulda for dette, skriv politiet i si oppsummering av hendinga.