Det har vore ei travel natt for politiet i regionen.

Ein time over måndag besøkte politiet ein bustad i Måløy, etter melding frå naboar om mykje støy. Her blei festdeltakarane bedne om å dempe musikken.

På Sørstrand i Florø var det ny runde med festing, og i folkeparken fann politiet fleire overstadig berusa ungdommar. I det eine tilfellet måtte også helsepersonell trø til for å hjelpe.

Vest politidistrikt melder elles om to andre festar som også måtte avsluttast ved pålegg.

Også i Førde har det vore mykje nattleg aktivitet, men politiet rapporterer om stort sett fin stemning.