18. oktober i fjor blei de nye, prisvinnande 50- og 500-lappane lansert, og nå, eitt år seinare, takast de gamle ut av sirkulasjon. Det betyr at de blir ubrukelege ved midnatt natt til laurdag, melder forbrukarportalen Dinero.no.

Direktør for kontante betalingsmiddel i Noregs Bank, Leif Veggum, oppfordrar alle som sitter på gamle 50- eller 500-lapper om å enten bruke dei opp eller sette dei inn på konto i løpet av fredag 18. oktober. Etter dette blir prosessen vanskelegare.

– Sjølv om enkelte bankar framleis vil akseptere dei, er det berre Noregs Bank som er pliktig til å ta imot gamle setlar etter denne datoen, seier han til Dinero.no.

Han fortel at det ved bankens førre statusoppdatering var 11,9 millionar utgåande femtilappar framleis i omløp, i tillegg til 6,9 millionar femhundrelappar.

Det svarer til høvesvis 0,6 og 3,4 milliardar kroner – altså fire milliardar kroner samanlagt. Disse blir nå ubrukelege.

Noregs Bank tar imot gamle sedler i ti år

For å få dei veksla inn etter fredag 18. oktober, må du innom Norges Bank sine depot, som berre eksisterer i dei største byene i landet. Alternativet er å sende setlane via brevpost for å få dei sett inn på konto.

Dette kan du gjere kostnadsfritt i ti år etter at setlane vert tekne ut av sirkulasjon. Etter denne tiårsperioden må du betale eit gebyr for å veksle dei inn.

Ifølge sentralbanken sin siste rapport, var til saman 1,7 milliardar utgåtte 100- og 200-kronersedler framleis ikkje veksla inn etter at desse blei tatt ut av sirkulasjon 30. mai i fjor.

Færre bruker kontantar

Nordmenn tek sjeldnare og sjeldnare ut kontantar i minibank eller i kassa ved butikkjøp. Frå 2017 til 2018 sank disse typen uttak med høvesvis 13 og 18 prosent. I same periode har kortbruken økt, ifølge Noregs Bank-memoet «Kunderetta betalingsformidling 2018».

– Det er brukarane som vel om de ønsker å bruke kontantar, kort eller andre betalingsløysingar. Så lenge det finst nokre som ønsker å bruke kontantar, er det Norges Banks oppgåve å dekke etterspørselen med setlar som er sikre i bruk, fortel Veggum i Noregs Bank til Dinero.no.

Kontantsummen som har vore i omløp har i dei siste ti åra ligge stabilt på 50 milliardar kroner. Til samanlikning låg denne summen i fjor på 41,7 milliardar kroner.

– Sjølv om etterspurnaden etter kontantar er redusert, synest bruken framleis å vere så stor at det truleg er eit godt stykke fram til det kontantløse samfunnet, seier han.