Den 740 tonns tunge modulen, som skal prosessere olje og gass som kjem frå Nova-feltet i Nordsjøen, er ferdigstilt. Onsdag starta utseglinga til Gjøa-plattforma, skriv Neptune Energy i ei pressemelding.

Verdas største

Modulen blei løfta om bord på ein lekter ved Rosenberg Worley-verftet i Stavanger, og vil derfrå bli overført til verdas største kranfartøy, «Heeremas Sleipnir», før den blir installert på den Neptune-opererte Gjøa-plattforma i Nordsjøen.

Neptune har leia prosjektet på vegner av Nova-operatøren, Wintershall Dea. Nova-feltet byggjast ut med to havbotnrammer kopla til den eksisterande Gjøa-plattforma. Den nye modulen skal plasserast på sjølve plattforma for prosessering av hydrokarbon. Dette gir økt gass- og oljevolum og forlenger levetida til Gjøa.

– Vi er stolte av å ha nådd denne milepælen i det som er eit viktig modifikasjonsprosjekt for Neptune og Gjøa-plattforma. Prosjektet har vore prega av eit godt og sikkert samarbeid med både Wintershall Dea og Rosenberg Worley, og modulen blir levert etter plan, seier Neptunes administrerande direktør for Norge, Odin Estensen. Han held fram:

– Med dagens utfordringar knytt til både COVID-19-pandemien og lågare råvareprisar, er milepælar som desse veldig viktige og motiverande for alle involverte.

300 jobba med prosjektet

Rosenberg Worley begynte arbeidet på modulen i november 2018. På det meste har 300 personar jobba med prosjektet samtidig.

– Neptune og Rosenberg har jobba hardt saman med Wintershall Dea-teamet for å fullføre Nova-modulen i tide, med høg kvalitet og minimum overføringsarbeid trass den utfordrande situasjonen vi er i, seier Wintershall Deas prosjektleiar for Nova, Øyvind Eie, og held fram:

– Eg ser fram til den neste store milepælen for Nova når vi no går vidare mot installasjon av modulen og til slutt produksjonsstart.

Modulen skal etter planen bli installert på Gjøa i mai. Plattforma er driven av elektrisk straum frå land, noko som reduserer CO₂-utsleppa med om lag 200.000 tonn kvart år.

Første gass er planlagt til 2021.

Fakta om modulen:

Funksjon: Prosessering av hydrokarbon, og vassinjeksjon.

Vekt: 740 tonn.

Høgde: 21 meter.

Lengde: 15 meter.

Breidde: 14 meter.

Arbeidstimar: 420.000 arbeidstimar er brukt. På det meste har 300 personar jobba med prosjektet samstundes.