Gå til sidens hovedinnhold

I kveld kan du danse så tett du berre vil på Husabula

Koronarestriksjonane er historie frå klokka 16.00. Berre nokre timar seinare opnar Eirik Husabø dørene til fest på Husabula kulturscene.

Koronapandemien har vore ein hemsko for både uteliv og kulturliv sidan landet stengde ned i mars 2020. Men no er det over. Klokka 16 laurdag er vi meir eller mindre tilbake til normalen, og det første kulturarrangementet som får nyte godt av at dette er kveldens arrangement på Husabula kulturscene.

– I kveld får du høyre Mathias Trekk og Audiotene, frå Bergen, Laila B, Teigene, Hjalte og Sagebø frå Bremanger og det hardtslåande bandet Promotor frå Florø, fortel Husabø.

Og han er ikkje ferdig. Hans eiga prosjekt, Wait A Minute skal på scena. Det er Husabøfunk som garantert vil få den gamle bua til å riste i samanføyingane. Jon Valur Olafsson tek turen. PK må klare seg utan Dansefolket, men skal nok klare å få folk ut på dansegolvet likevel.

Dessutan kjem Kurt Elvis tilbake, etter at han stal showet på fredagens arrangement.

– Florø Storband måtte melde forfall på grunn av sjukdom, så vi måtte gjere nokre endringar i programmet, men dette blir veldig bra, forsikrar Husabø.

– Og her blir det mogleg å kjøpe drikke i baren, og danse tett med kven ein vil?

– Yes, og har du ikkje allereie kjøpt billett kan du kjøpe i døra, forsikrar Husabø.

Bildeserie

Sjå bilda: Då Elvis kom til Husabula

Kommentarer til denne saken