I helga tråkka årets konfirmantar til så sveitten bokstaveleg talt sila.

Då blei det arrangert eit såkalla bistandsløp, der konfirmantane sprang i 30 minuttar for å samle inn pengar til Kirkens Nødhjelp sine hjelpeprosjekt, som den siste tida har vore særleg retta mot dei som lir i Ukraina.

Heile 90.000 kroner kom inn, og konfirmantane hadde sjølve teke jobben med å skaffe seg sponsorar til løpet, gjennom familie og vener.

Men dei har ikkje tenkt å gi seg med den summen. I morgon, tysdag skal konfirmantane gå med bøsser både i Florø, Eikefjord, Stavang og Norddalsfjord, for å samle inn pengar til Fasteaksjonen. Det er eit stort prosjekt som har som mål å gi alle folk i verda tilgang til reit vatn.