I helga skal regjeringa vurdere korona-tiltaka. Erna opnar for letter viss smitten flatar ut

Klokka 15 onsdag har regjeringa pressekonferanse om korona-situasjonen.

Av
DEL

Til helga skal regjeringa revurdere dei nasjonale koronatiltaka. Statsministeren opnar for å gå over til meir lokale tiltak viss smittesituasjonen betrar seg.

– No skal vi få innspel frå Folkehelseinstituttet og Helsedirektoratet sånn at vi til helga kan gå igjennom og sjå, seier Solberg til NTB.

3. januar lanserte statsministeren det som vart kalla eit «krafttak» og «sosial nyttårspause» for å hindre at koronasmitten kjem ut av kontroll. Nordmenn vart mellom anna bedne til om å vente 14 dagar med å ta imot besøk.

Solberg kan førebels ikkje seie om tiltaka blir forlengde eller ei.

– Det er ulike moglegheiter. Det eine er at vi ser at tala stabiliserer seg litt, og at det ikkje kjem nye store utbrot nye stader. Då kan det vere at det blir mogleg å gjere geografiske endringar, sånn at ikkje alt er nasjonale tiltak, seier statsministeren.

– Stramme tiltak uansett

I utgangspunktet skulle tiltaka som vart innførte etter nyttår vare fram til 18. januar, men etter at statsministeren vart innkalla for å gjere greie for den sosiale nedstenginga i Stortinget, vart dette utsett til 19. januar.

Statsministeren understrekar at det framleis er område og byar med store utbrot.

– Nokre stader vil det framleis måtte vere ganske stramme tiltak uansett, seier Solberg.

Helseminister Bent Høie (H) har saman med dei andre helsetoppane innkalla til pressekonferanse for å orientere om koronasituasjonen onsdag klokka 15. Justisminister Monica Mæland (H) deltek òg.

Uvisse

Då regjeringa valde å stengje ned ytterlegare førre veke, var grunngivinga mellom anna uvisse om korleis jule- og nyttårsfeiringa har påverka smittespreiinga og dei nye og meir smittsame mutasjonane av koronaviruset som har oppstått i Storbritannia og Sør-Afrika.

Helsestyresmaktene har sagt at ein vil få eit betre bilete av smitteutviklinga i den neste vekerapporten frå Folkehelseinstituttet (FHÌ), som kjem onsdag formiddag. Dei siste dagane har ein hatt noko lågare smittetal enn førre veke.

Tysdag vart det registrert 712 koronasmitta i Noreg. Det var 283 fleire enn dagen før, men 227 færre enn tysdag førre veke.

Torsdag kjem òg ei ny risikovurdering om koronasituasjonen frå FHI.

Mutant

Når det gjeld den britiske og sørafrikanske mutasjonen av koronaviruset, er det så langt påvist 24 tilfelle i Noreg. Direktør Camilla Stoltenberg sa førre veke at dei førebels ikkje trur at mutasjonane har fått fotfeste her til lands.

– Vi trur vi ville ha oppdaga det viss mutasjonane hadde vore utbreidd i Noreg, for vi har testa mykje i samband med utbrot. Der har vi ikkje sett det, sa ho til NTB laurdag.

Eit anna usikkerheitsmoment for smittesituasjonen er importsmitte frå utlandet, mellom anna frå arbeidarar som har vore heime på juleferie. For å avgrense dette, innførte regjeringa obligatorisk koronatest for reisande frå raude land. Testen må anten gjerast ved grensa eller dei første 24 timane i Noreg.

Nesten 2 av 100 testa positivt

Tal NTB har fått frå Helsedirektoratet, viser at 66 reisande som kom Gardermoen frå utlandet tysdag, onsdag og torsdag førre veke, fekk påvist covid-19 i testen som vart utført på flyplassen.

Totalt kom 5.418 reisande til Gardermoen frå utlandet desse dagane. Blant dei lét 3.501 seg teste. Det betyr at 1,9 prosent av dei som testa seg, fekk påvist covid-19.

Desse tre dagane drog 1.917 personar vidare frå Gardermoen utan å teste seg. Totalt droppa over 6.200 personar å teste seg på flyplassen etter å ha komme frå utlandet i perioden 2.–7. januar, ifølgje Ullensaker kommune.

Dei obligatoriske koronatestane skal ifølgje regjeringa i hovudsak gjerast på grensestasjonen, men kan òg gjerast i kommunen ein reiser til.

(©NPK)

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken