I helga er det UKM i Måløy - kommunen set opp gratis båt

LAurdag er det UKM for Kinn, i Måløy. Her er eit bilde frå UKM i Bremanger som vart arrangert laurdag 29. februar.

LAurdag er det UKM for Kinn, i Måløy. Her er eit bilde frå UKM i Bremanger som vart arrangert laurdag 29. februar. Foto:

FLORØ: Laurdag vert tidenes første Ung kultur møtast (UKM) i Kinn kommune arrangert. Det går gratis båt om du vil oppleve dei over 70 ungdommane som skal i elden på scena.

DEL

Laurdag vert UKM gjennomført i Måløy. Då skal over 70 ungdomar i elden, og det vert vist fram 21 sceneinnslag og 29 kunstverk, melder Kinn.kommune.no.

Det er gratis båt for publikum frå Florø laurdag kl. 13.00.

– MOT-ungdomen frå Florø og Måløy er medarrangør og møtast då også denne helga. Mange møtast alt fredagskvelden til eit kick-off arrangement og då er målet å bli betre kjent med kvarandre, skriv rådmann Terje Heggheim i sitt fredagskrev på kommunen si nettside.

– Laurdag ettermiddag vert sjølve mønstringa opna av ordførar Ola Teigen. Vi ønskjer lykke til med arrangementet, skriv rådmannen.

Artikkeltags