Både herrelaget og damelaget har hatt ei god sesongoppkøyring, og trenar Hàkon Hermannsson Bridde er spent på korleis laga vil klare seg mot gode lag frå Bergen.
Det skriv Florø sportsklubb i ei pressemelding.
Herrelaget skal framleis spele i 3. divisjon, sjølv om dei kom sist i fjor. Dette er mogleg fordi serien denne sesongen er utvida frå 10 til 12 lag.
Laget har mista nokre sentrale spelarar, men yngre krefter har allereie teke store steg. Laget er også forsterka med spelarar frå Førde, så FSK er veldig spente framfor dagens kamp.
Motstandar for herrene søndag er Årstad, som spelte i 4. divisjon og endte som nr 6 der. Men grunna den utvida serien og lag som vegra seg for opprykk får dei no prøve seg i 3. divisjon.
Damelaget vann sin 4. divisjon i fjor, og er no tilbake i 3. for å bevise at det er der dei høyrer heime. Også deira serie er utvida frå 10 til 12 lag
.Laget er det samme som rykka opp i fjor, men er forsterka med Marte Kristine Søvik, som har hatt eit år på 2. divisjonslaget til Årstad. . Også Kristine Nekkøy er ein del av gruppa.
Motstanderen for damene er Askøy som spelte i 4. div i Hordaland, og rykka opp til 3. Laget har gått frå 6. til 3. divisjon på 3 år.
Herrene startar mot Årstad kl 13.00 og damene følger deretter med Florø - Askøy kl 15.00.