Gå til sidens hovedinnhold

I dag kan du møte Jan Helge på nett og få informasjon om korona

Næringsorganisasjonane i Kinn inviterer saman med kommuneoverlegen til dialogmøte om korona, og det skjer torsdag ettermiddag.

Møtet skal i hovudsak handle om status og spørsmål om Covid-19-situasjonen i Kinn, og møtet skjer digitalt. Det betyr at alle som ønsker det kan følge møtet, enten via nettlesar, via ein app, eller via telefon.

Flora industri- og næringsforening, Måløy Vekst, Aksello og smittevernoverlege Jan Helge Dale er arrangørar av informasjonsmøtet, og det lokale næringslivet har tidlegare blitt inviterte til å sende inn skriftlege spørsmål på førehand.

Stikkord for dialogmøtet er mellom anna testing og karantene, smittevern, importsmitte, karantenehotell, munnbind, vaksinepass, vaksine, mutert virus og kohortar.

Møtet startar klokka 15.30, og du kan delta på følgjande måtar:

Følg møtet digitalt her: Dialogmøte

Ring inn (kun lyd): +47 21 40 21 35 // Phone Conference ID: 510 091 012#

Meir info hos Flora industri- og næringsforening

Kommentarer til denne saken