I år kan du feire 17. mai på Firdaposten.no, og vi vil gjerne ha di hjelp

Florø i raudt kvitt og blått på 17. mai.  Folkeliv og barnetog.

Florø i raudt kvitt og blått på 17. mai. Folkeliv og barnetog. Foto:

NASJONALDAGEN: Korona-pandemien sørger for at vi får ein spesiell 17. mai-feiring i år. Vi i Firdaposten vil likevel gjere vårt beste for at lesarane våre får kjenne litt på nasjonaldag-kjensla.

DEL

Barnetoget er avlyst. Ingen av korpsa i Florø skal spele. Ei heller blir det borgartog og talar på stadion. Det kjem til å bli ein spesiell 17. mai for oss alle. I Firdaposten vil vi gjere det vi kan for å vere med å skape kjensla av nasjonaldag. Vi samarbeider med Kinn kommune, Bremanger kommune, 17. mai-komitéar og Fjordenes Tidende denne dagen, og vil ha ein rikhaldig meny til lesarane våre.

Vi tek sikte på å sende direkte frå Bolette frå klokka 08. 45. Det blir gjester i studio. Det blir kransenedleggingar, talar, korsong og ja, det blir korpsmusikk også.

Vi skal til Eidsvoll, og vi skal til Eikefjord. Det blir både Kinn og Kalvåg. Deknepollen og Svanøy. Kanskje blir det nokre glimt frå tidlegare nasjonaldagsfeiringar, og vi håper at dei lokale 17. mai-komiteane hjelper oss med bilde og videoklipp frå dei ulike markeringane utover dagen slik at vi får med mest mogleg frå heile Kinn, og heile Bremanger.

Om teknologien er med oss kjem direktesendinga til å vare til om lag klokka 16.45.

Alt som blir publisert på Firdaposten.no på nasjonaldagen, som har med 17. mai-feiringa å gjere, vil ligge ope og tilgjengeleg for alle. Det gjeld også direktesendinga.

Men for å få ei breiast mogleg dekning treng vi di hjelp. Vi håpar at de vil dele bilde av dagen dykkar med oss. Kanskje vil du sende ein helsing til nokon? Gratulere med dagen? Går de i barnetog i gata de bur i? Vil du vise fram korleis di bygd, ditt nabolag, di gate, feirar dagen? Send oss bilde, eller kanskje ein videosnutt!

Du kan sende bilde og video til oss via tips-sida på nettavisa. Her kan du laste opp inntil 500mb. Link finn du her: https://www.firdaposten.no/vis/info/tips-oss

Du kan også sende bilde og video til e-posten vår, tips@firdaposten.no om det er enklare for deg.

Skal du lage video, hugs å legge mobilen horisontalt!

Sist men ikkje minst, du kan merke bilda dine med #Firdaposten på Instagram.

Vi vil også gjerne høyre frå deg før 17. mai. Skal du feire på ein spesiell måte i år? Kvifor ikkje fortelje oss om det? Eller har du eit minne frå tidlegare feiringar som du har lyst til å dele med oss, og lesarane våre? Kva gler du deg mest til i år?

  • Har du eit 17. mai-minne du aldri gløymer?
  • Kva gler du deg mest til på årets 17. mai?
  • Korleis skal du feire i år?
  • Namn, kvar du held til og kontaktinfo.

Send oss ein e-post på tips@firdaposten.no


Artikkeltags