Gå til sidens hovedinnhold

I år blir det påmelding til julegudstenesta

Det vert julefeiring i kyrkjene, men prosten oppmodar folk om å sette seg inn i kva som gjeld.

Det forsikrar prost Knut Magne Nesse om i ei pressemelding.

– Det er viktig for oss at lysa i kyrkja er tent julaftan, at juletreet er pynta, at folk kjem saman og at klokkene ringer julehøgtida inn på julekvelden. Bodskapen om håp og fred er meir aktuell enn nokon gong før. Jula er ikkje avlyst, sjølv om mange må feire den i lag med berre næraste familien. Men feiringa i kyrkja vert ikkje heilt som det brukar å vere.

Dei ulike kyrkjelydane, medverkande, tilsette, sokneråd og frivillige har måtte omstille seg og innbyr til julegudsteneste med ulike tilretteleggingar og tiltak. Dei tilsette i kyrkjene har god erfaring med smittevern.

Det viktigaste tiltaket er at det berre er rom for 50 deltakarar på kvar gudsteneste og at de vil bli møtt i døra og vist til ein plass i kyrkjerommet. Mange stader vil du måtte melde deg på.

– Då vil det vere viktig å møte fram 20 minuttar før og å melde avbod om du ikkje kjem, strekar Nesse under.

Meir informasjon om dette finn ein på heimesida til kyrkja der ein bur, eller på ei av dei mange facebooksidene som kyrkjelydane har.

– Det blir arrangert om lag ti fleire gudstenester enn vanleg og vi leiger inn to prestestudentar og ekstra organistar for å kunne halde så mange gudstenester som råd, opplyser Nesse.

I Førde kyrkje vert det ikkje open gudsteneste på julaftan – i staden vert det streaming og open kyrkje mellom klokka 15 og 17. Det er også mange gudstenester på første juledag, og det er program andre dagar i jula og ved nyttår fleire stader i Sunnfjord. Fleire kyrkjelydar legg også ut streaming av julegudstenesta, konsertar og anna i juletida. Følg gjerne med på dette! Dette finn du på t.d. firda.no eller firdaposten.no eller i kyrkja sine eigne kanalar.

Påmelding opnar måndag 14. desember klokka 12.00, og Nesse viser til kyrkja sine heimesider for meir informasjon.

– Elles viser vi til vanlege kanalar: Heimeside og gudstenestelister i avisene for meir informasjon om kvar og når det er gudsteneste i dei ulike kyrkjene, opplyser prosten.

Kommentarer til denne saken