– Det er heilt urimeleg at eg skal fjerne ein støttemur som like mykje berører hyttenaboen sin eigedom. Det ville vere sjølvtekt. Det går rett og slett ikkje an, seier Roy Riksvold, som har ei lang karriere som politimann bak seg. Han vurderer no å skaffe seg juridisk bistand.
Kommunen krev muren fjerna innan 12. desember og etter den tid blir det krevd dagmulkt.
Mykje rot
Riksvold har som einaste hytteeigar i strandsona på Blåhella fått pålegg frå kommunen om å fjerne heile muren og tilbakeføring av strandsoneterreng. Kva som konkret ligg i tilbakeføring av strandsoneterreng går ikkje fram av pålegget.
Hytteeigaren reagerer på at han og kona åleine skal lide for det rotet kommunen sjølv har bidrege til å skape med etableringa av hyttefeltet så nær sjøen.
Dagens eigar av Blåhella-bruket, Marianne Byman Grøthe, spelte i fjor inn til kommunen at den nye arealdelen til kommuneplanen bør opne opp ein turveg/sti langs fjæra over eigedommen tett ved hyttene. Men ho påpeika også at feil i sakshandsaminga skaper ekstra utfordringar i strandsona. Hytteeigarane er positive til ein sti forbi eigedommane i strandsona slik den ligg i dag.
– Ein bør ta med seg at kommunen har målt opp tomtene feil og for nær sjøen. Dette har medført utfordringar med terreng ved etableringa av tomtene, understreka ho eit brev til kommunen.
Feil sakshandsaming
I eit sakshandsamingsnotat frå leiar i plan og miljø, Magnhild Myklebust, går det fram at Bremanger kommune har gått gjennom saksarkivet for eigedommen. Frådeling av seks hyttetomter vart først avslege heilt tilbake i april 2004. Det vart presisert av politikarane at tomtene måtte trekkast minst 35 meter vekk frå sjøen. Men i eit delegert administrativt vedtak i juli same året, vart det likevel gitt løyve til tomtefrådeling med redusert tomtestorleik (0,5 daa.) Dette er ei godkjenning som etter normal saksgang ville kreve dispensasjon frå byggeforbodet i 100-metersbeltet ved sjøen og som Fylkesmannen den gongen ikkje ville ha godkjent.
Denne reviderte planen blei ikkje handsama og godkjent politisk. Planen viser ikkje tomtegrensene mot sjøen eller storleik på tomtene, men berre plasseringa av bygningane. I ettertid er tomtene oppmålt og ettergodkjent. Deretter blei tomtene lagt ut for sal og Riksvold var ein av kundane.
Riksvold viser til han og kona Eva som hyttekjøparar aksepterte eit tilbod om kjøp av tomt og hytte frå utbyggar i 2008. For å sikre tomtene mot erosjon, avtalte Riksvold med ein dei dåverande grunneigarane om å få bygd støttemuren som no etter pålegg må fjernast. Personen som skal ha gjort muntleg avtale om muren, lever ikkje lenger.
Bygd på feil plass
Støttemuren blei bygd feilplassert av maskinentreprenør Geir Førde. Som kjent vart Blåhella-bruket selt i ettertid og saka om buplikt segla opp i 2016.
I ettertid vil ingen ta på seg ansvar for plasseringa av støttemuren, som i realiteten ligg på hovudbruket sitt areal. Sidan Riksvold har erkjent at han bestilte jobben hos entreprenør på vegner av seg sjølv og ein av eigarane på hovudbruket i 2008 , endar han opp i rolla som Svarte-Per. Avtalen vart gjort muntleg og kan ikkje dokumenterast.
Blåhella-utbygginga
- Utbygging av hyttefeltet blei sett i gong kring 2004 av familien Hauge, som eigde gardsbruket Blåhella 16/14 på Hauge på Bremangerlandet.
- Hyttefeltet blei utbygd kring 2008-2009 utan formelt godkjent utbyggingsplan frå kommunen si side. Det vart gjeve administrativ godkjenning til oppstart i sommarferien etter at politikarane med basis i plan- og bygningslova stemde nei til planane. Plangrunnlaget for utbygginga var ei enkel skisse . Hyttene er bygd langt nærare sjøen (ca 30-40 meter) enn reglane i plan- og bygningslova tillet (100 meter), men bygginga blei likevel godkjent av politikarane i kommunen i ettertid.
Den gamle driftsbygningen på garden vart gravd ned - sidan det ikkje var planar om å drive jorda lenger. Opphavleg skulle låven brennast ned kontrollert av brannvesenet. Det skjedde aldri og låven vart i staden gravd ned utan godkjent løyve.
- Ekteparet Marianne B. Grøthe og Tor Grøthe frå Hemsedal kjøpte gardsbruket Blåhella i 2015 i den tru at det ikkje var buplikt. Advokaten som stod for salet, fekk stadfesta fritak frå buplikt frå ein ikkje namngjeven person i kommunen. I ettertid viste det seg at utmarka var så stor at det ut frå totalareal likevel utløyste buplikt.
- Bupliktsaka blei løyst ved at ekteparet tok ut separasjon. Marianne Byman Grøthe står som eigar og er offisielt pendlande frå eigedommen til jobben i Hemsedal kommune. Pendleavstand er 68 mil tur/retur. Ho har postadresse Gol, men er folkeregistrert i Bremanger.
- Ny grunneigar hamna i konflikt med hytteeigarane om vegrett og tilleggsareal for hyttene. Saka vart avgjort i jordskifteretten. Enkelte av hytteeigarane engasjerte seg og målbar at buplikta ikkje er oppfylt.
- Ny grunneigar på hovudbruket inviterte kommunen på synfaring i strandsona i februar i 2019, der det vart registrert ikkje omsøkte byggetiltak frå hytteeigarar si side. Formålet med synfaringa var å tilby strandareal til ein sti langs sjøen frå Struen til Hauge.
- Det vart bygd ein støttemur for å hindre erosjon ved hytteeigar Roy Riksvold sin eigedom. Han bestilte muren bygd av lokal entreprenør , men var ikkje tilstades då den vart bygd. Den vart ved ein feil bygd rett utanfor Riksvold sin eigedom, noko han meiner er entreprenøren sitt ansvar. Den opphavlege grunneigaren hadde i følgje Riksvold ikkje innvendingar mot plasseringa av muren, som han avtalte med ein no avliden medeigar i bruket. Ein annan medeigar nektar for at det blei gjort noko avtale.
- Statsforvaltaren i Vestland har hatt saka med muren til vurdering, men har bedt kommunen om å rydde opp i saka, før det eventuelt blir ei klagehandsaming.
- Formannnskapet vedtok i siste møte at eigar av hovudbruket og Riksvold saman må sørge for å flytte muren ein meter. Muren går også fram forbi tomta ei nabohytte, men denne eigaren er førebels ikkje pålagt å flytte muren.
- RIksvold har levert inn klage på vedtaket.

Ei sørgeleg historie om skakk saksbehandling
