Etter at podcasten førre veke utfordra grensa for kor lenge den gjengse mann i gata gidd å høyre anekdotar om eit 6.-divisjonslag, vart talet på gjester denne gangen redusert frå to til ein.

Trass i nedskjering i talet på gjester, og heftig klippverksemd, enda podcasten likevel opp med å bli endå lengre enn sist.

Dagens gjest, er ingen ringare enn quizmaster og yogaentusiast, Jon Håvard Strømsnes. Som tidlegare leiar av Stimen, blir det i dagens podcast retta eit ekstra stort fokus på stoda i Florø fotball.

Kort samanfatta, vil neste podcast sannsynlegvis starte med at Kristian og Benjamin nok ein gang må legge seg langflate på oppfordring frå øvste leiar i Florø Fotball.

Det blir sjølvsagt også ein heil del snakk om FK Tempo, treningskampen mot Tambarskjelvar, divisjonskollega Hyllestad og siste nytt i den neglebitande Book-sagaen.

Du finn podcasten på Spotify og andre podcasttenester ved eit søk på Firdaposten. Der finn du og eldre episoder, både av Tempopodden, og podcastane til Firdaposten.

Eller du kan høyre den akkurat her: