I 5-tida søndag morgon kom det melding om husbrann på Raudeberg i nordre Kinn.

Då politi, ambulanse og brannvesen kom til staden kom det kvit røyk frå pipa og frå mønet. Det vart observert opne flammar inne i huset, og brannvesenet starta sløkkingsarbeidet, melder Vest politidistrikt på Twitter.

Det var to menn i 40- og 50-åra som oppheldt seg i huset då brannen starta. Begge kom seg ut, men hadde fått i seg ein del røyk, og vart undersøkt av ambulansepersonell på staden. Dei vart deretter frakta til legevakt.

Brannvesenet fekk sløkt brannen før den spreidde seg til utsida av bygget. Årsaka til brannen er ikkje kjend.