Olafsson fortel han lærte Dace Jasmin Taurina å kjenne då bandet «Daur», der ho er vokalist, spelte på Husabula sin advendtkalender no før jul. Han var også med som gjesteartist Daur, og vedgår han reagerte umiddelbart då han leste i Firdaposten tysdag kveld kva ho no går gjennom.
– Dace treng hjelp, og det skal vi gjere vårt for at ho får, seier Olafsson.
Han er styreleiar i Husabula og i løpet av føremiddagen var styret samde om at dei skulle arrangere ein støttekonsert.
Den blir på fredag, same dagen som politiet kjem for å hente Dace Jasmin Taurina i Florø og utlevere ho til Latvia.
– Det er litt kort frist å sy saman eit opplegg, men vi er fleire som ønskjer å bidra. Husabula er ledig, vi har ein musikalsk ansvarleg så då blir det eit musikalsk opplegg, seier Olafsson, Han skal sjølv stille opp og håper fleire i det musikalske miljøet i Florø blir med på dugnaden.
– Vi tek 200 kroner i inngangen og alt vi klarer å samle inn går uavkorta til advoutgifter og medisinsk hjelp for Dace i Latvia. Vi kjem tilbake med ei liste over dei som vil bidra, kjem det frå styreleiaren.
Det er Jón Valur Ólafsson sine ord i introduksjonen til Dace, Tom Erik og dei andre i bandet Daur. Dette er den luka han har gleda seg mest til. Bandet Daur oppsto gjennom Kinn kommune si teneste for rus- og psykiatri, under Annika Bremnes si stødige hand.. Sida har det balla på seg. I dagens luke altså: Julas vakraste eventyr, bandet Daur og låta «Sia». Kult!
