NRK: Snart må Hurtigruten møte eit søksmål i retten på 300 millionar kroner, melder NRK Vestland.
Bakgrunnen er ein avtale som både Hurtigruten og Havila inngjekk med Gasnor, om leveransar av naturgass (LNG) til hurtigruteskipa, for meir miljøvenleg drift.
Planen var at fartøya skulle bunkre naturgass ved kai i Bergen, og samarbeidsplanane var kome så langt som til at Gasnor bygde eit eige fartøy, øyremerkt bunkringa.
Men Hurtigruten forkasta gassplanane og gjekk heller for ei satsing på biodiesel-drift.
Dette meiner Gasnor er eit kontraktsbrot, og dei har no saksøkt Hurtigruten.
Rettssaka skal gå i Haugesund og er beramma i mars månad neste år, melder NRK.