Hurtigruten kuttar mellombels til to skip

HURTIGRUTEN. Foto: arkiv

HURTIGRUTEN. Foto: arkiv

Av

Hurtigruten vil drive ruta mellom Bergen og Kirkenes med berre to skip, i første omgang ut oktober. Koronarestriksjonane gir for få reisande.

DEL

Kutta skjer i samråd med Samferdselsdepartementet, skriv NRK.

Det er fem skip i trafikk i dag. Skipa som skal halde fram med å trafikkere ruta, er MS Kong Harald og MS Polarlys. Skipa MS Richard With, MS Trollfjord, MS Midnatsol og MS Nordlys blir tekne ut av trafikk etter kvart som dei kjem til Bergen.

Med to skip i rute, vil dei 34 hamnene langs ruta få anløp kvar femte og sjette dag.

– Vi kan ikkje segle med så godt som tomme skip. Derfor må vi som andre aktørar innan samferdsel, redusere kapasiteten, seier pressesjef Øystein Knoph i Hurtigruten.

Han legg til at dette dessverre betyr at dei ikkje vil få like mange tilsette i jobb i haust som planlagt. I august opplyste reiarlaget at dei opphavlege planane deira var å få alle elleve skipa i trafikk igjen innan utgangen av september, men på det tidspunktet hadde dei vurdert at dei ikkje skulle segle med fleire enn seks skip.

(©NPK)

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken