Havila og Hurtigruten skal dele på rutene

Havila er innstilt til å overta delar av Hurtigruten sine ruter.

Havila er innstilt til å overta delar av Hurtigruten sine ruter.

Artikkelen er over 1 år gammel

Fredag vart anbodsvinnarane på kystruta som i dag er trafikkert av Hurtigruten annonsert.

DEL

Regjeringa har bestemt seg for å dele oppdraget mellom to aktørar, Havila og Hurtigruten.

Havila vert innstilt til ein kontrakt med fire skip på kystruta, og desse skipene skal vere nybygg. Hurtigruten vert innstilt til delkontrakter på til saman sju skip. Hurtigruten skal bruke skip dei allereie har, men dei skal byggast om for å få lågare utslepp og slik at dei når miljøkrava.

- Regjeringa er oppteken av å sikre eit godt transporttilbud for folk i distrikta langs norskekysten. No fornyar vi kontraktene for kystruta. Vi vil halde på dagens tilbod, med daglege avgangar frå 34 havner heile året og med transport av både passasjerar og gods, seier samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen.

 Det blei utlyst tre delkontrakter med til saman 11 ruter, og regjeringa innstiller på at to aktørar skal levere tenestene frå og med 2021; Hurtigruten og Havila.

Betydeleg betre miljørekneskap

- Miljørekneskapet blir betydeleg betre som følge av strengare krav i dei nye kontraktene. CO2-utsleppa frå tenesta blir ein fjerdedel lågare enn i dag. Prisen for staten blir i sum omtrent den same som vi betalar i dag. Det er vi nøgde med, seier Solvik-Olsen.

Tilbodet til dei reisande vil framleis vere daglege gjennomgåande seglingar frå Bergen til Kirkenes. Dei to aktørane vil jøyre strekninga på ulike dagar. 
I tida fram til driftsstart 1.1.2021 skal aktørane jobbe med gode løysingar for reiseinformasjon og billettkjøp, slik at tenesta vert opplevd som enkel og effektiv for dei reisande.

Om du reiser med Hurtigruten eller med Havila, er avhengig av kva dag du skal reise.

- No får vi to aktørar som både må samarbeide og konkurrere, noko som gir dei reisande meir å velge mellom, samstundes som det gir nye moglegheiter for lokalt næringsliv, seier Solvik-Olsen.

Samferdselsdepartementet vil raskt etter kontraktsignering invitere dei 34 berørte hamnene til eit informasjonsmøte, der  forhold av særleg betydning for hamnene i kontrakta vert gjennomgått.

- Gledelig at norsk rederi nådde opp

Rederiet Havila, som held til i Fosnavågen på Sunnmøre og er eigd av Per Sævik, skal bygge fire heilt nye skip til denne kontrakta.

- Det gledeleg at eit norsk rederi har lukkast med å nå opp i konkurransen med Hurtigruten AS. Vi har tillit til at Havila-konsernet, som har lang erfaring med bygging og drift av store skip og med sjøtransporttenester langs kysten, vil gi dei reisande ein god oppleving, seier samferdselsministeren.

Kontraktsoppstart vil vere 1. januar 2021. Den totale kontraktsummen er på til saman 788 millionar kroner i året.
Dette er noko meir enn det staten i gjennomsnitt betalar for dagens teneste, men inkluderer betydeleg strengare miljøkrav og fire nye skip.

- Vil gå kvar dag uansett

Hurtigruten seier til NRK at dei uansett vil ha daglege ruter Bergen - Kirkenes.

- Vi skal segle frå Bergen mot Kirkenes kvar dag - også dei dagane vi ikkje har fått anbod, seier konsernsjef Daniel Skjeldam.

Han er glad for at dei skal levere tenester på kysten også framover, slik dei har gjort i 125 år.

- Vi har strekt oss langt i forhandlingane, for å få til ein avtale med staten, seier han til NRK.

Fakta

Kystruten Bergen-Kirkenes

  • Daglige avganger fra 34 havner hele året.
  • Gjennomgående seilinger Bergen-Kirkenes t/r.
  • Dagens kontrakt betjenes av Hurtigruten AS.
  • Kontrakten varer til 31.12.2019, med ett års opsjon.

Konkurransen om Kystruten 2021-2030

  • Betjene Kystruten Bergen-Kirkenes i 10 år.
  • Inndeling i tre delkontrakter:
  • Delkontrakt med fire skip: vunnet av Havila Holding AS.
  • Delkontrakt med fire skip: vunnet av Hurtigruten AS.
  • Delkontrakt med tre skip: vunnet av Hurtigruten AS.
  • Samlet pris per år: 788 millioner kroner

Vinnerne

  • Havila Holding AS eies av Sævik-familien.
  • Hurtigruten AS eies av Silk Bidco AS, der hovedaksjonær er det London-baserte investeringsselskapet TDR Capital

Artikkeltags