Mattilsynet endrar råd til hundeeigarar

Florø hundeklubb i Borgartoget på 17. mai i 2005.

Florø hundeklubb i Borgartoget på 17. mai i 2005. Foto:

Mattilsynet oppheva torsdag det generelle rådet om å begrense nærkontakt mellom hundar. Men årsaka til hundesjukdommen er framleis ikkje kjent.

DEL

Sjølv om årsaka til sjukdomstilfellene framleis ikkje er kjent, så er det færre nye tilfelle, og resultata frå den omfattande kartlegginga tyder på at det ikkje er snakk om noko som lett smittar mellom hundar.

Mattilsynet og Veterinærinstituttet mottar no få meldingar om hundar med blodig diaré frå veterinærar, klinikkar og andre, og talet sjukdomstilfelle går tydeleg ned. Det er også klart at alle sjukdomstilfella ikkje kan settast i samanheng med kvarandre.

– Du må framleis kontakte veterinær viss du oppdagar symptom på sjukdom som kan trenge behandling, og du bør ringe veterinæren før du tar med deg ein akutt, alvorleg sjuk hund dit, seier Ole-Herman Tronerud, veterinær og seniorrådgjevar i seksjon dyrehelse i Mattilsynet.

Som hundeeigar har du ansvar for å vurdere om hunden din er frisk og om den kan utgjere ein smittefare for andre. Det er særleg viktig å hugse på dette dersom du tar hunden din til stader der fleire hundar er samla, som for eksempel hundeparkar, utstillingar og hundebarnehagar.

– Viser hunden din symptom på sjukdom, bør du uansett ikkje la den hilse eller snuse på andre hundar på tur. Som vanleg skal du også plukke opp avføring etter hunden din og kaste det i ei søppelkasse, seier Tronerud.

Truleg lite smittsomt

Mange av dei meldte sjukdomstilfella er frå nokre fylker på Austlandet, der hundetettheiten også er stor. Veterinærinstituttet og Mattilsynet meiner at fleire hundar i dette området ville blitt sjuke dersom dette hadde vore ein sykdom som smitta effektivt mellom hundar. Dette gjeld sjølv om hundeeigarar har overheldt Mattilsynets råd til no.

– Informasjonen vi har motteke viser også at i dei fleste tilfelle der éin sjuk hund bur saman med fleire andre hundar, har kun den eine hunden blitt sjuk, seier Tronerud.

Veterinærinstituttet mener det er usannsynleg at det er éin konkret fellesnemner mellom alle dei registrerte tilfella av hundar med blodig diaré. Sjukdomsutviklinga skuldast fleire samanfallande faktorar. Nokre av tilfella kan også ha andre årsaker og ikkje vere ein del av det vi oppfattar som eit utbrot.

– Så lenge vi var usikre på om dette var noko som smitta lett mellom hundar, var det å unngå nærkontakt mellom hundar det beste smitteforebyggande tiltaket hundeeigarar kunne gjennomføre. Å ikkje gi et slik råd, ville vore svært uansvarlag, seier Tronerud.

Leitar etter kjelde

Så langt har bakterien Providencia alcalifaciens blitt påvist hos ca. 50 av hundane som har blitt sjuke med blodig diaré. Bakterien er også blitt påvist hos nokre friske hundar, men i mindre mengde.

Ein del av prøvene frå sjuke hundar vert undersøkt vidare for å sjå om det er eit slektskap mellom bakteriestammene, altså om Providencia-bakteriene er nærast identiske.


– Informasjon om slektskap mellom bakterier kan gi oss ein peikepinn på om fleire hundar har blitt utsett for same smittekjelde, fortel Tronerud.

Så langt har undersøkingane om slektskap mellom bakterier vist at 14 av tilfella med sjuke hundar hadde nærast identisk bakterie. Undersøkinga viser også at nokre av hundane har fått påvist bakterier som ikkje er identiske med dei 14. Dette stadfestar at nokre av hundane med blodig diaré har blitt utsett for same smittekjelde, mens andre er ikkje ein del av eit utbrot, og kan vere sporadiske tilfelle, presiserer Tronerud.

Dei 14 er alle frå det sentrale Austlandsområdet, men det er så langt undersøkt få prøver frå resten av landet. Det vert gjort fleire undersøkingar for å sjå om fleire av hundane har identiske bakterier.

Analysearbeidet går inn i en ny fase


Veterinærinstituttet har dei siste vekene motteke store mengder prøvemateriale, som no vert analysert og undersøkt nærare. Mange av undesøkingane er svært tidkrevjande.

– Parallelt går vi gjennom og følger opp informasjonen frå den pågåande kartlegginga, for å sjå om det finst fellestrekk som alder, rase, fôring, kontakt med andre hundar, områder og liknande, seier Tronerud.


Artikkeltags